Home
Student Pages
bilateral

McGill University and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryCanada
  • TownMontreal
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

McGill University er eit prestisjetungt universitet i Montreal. Universitetet har i dag om lag 30 000 studentar og kan tilby eit internasjonalt miljø med studentar og tilsette frå meir enn 140 land. Rundt ein femtedel av studentane ved universitetet kjem utanfrå Canada. Litt over halvparten av studentane har engelsk som morsmål, 20 prosent snakkar fransk, mens dei resterande 25 prosenta har andre språk som morsmål. McGill University ligg plassert i sentrum av Montréal, men har likevel klart definerte campusområde. Hovudcampusen ligg vakkert til i eit grøntområde midt i Montreal, rett ved byens finansdistrikt. Ein kort køyretur vest for bykjerna ligg Macdonald Campus i landlege omgjevnadar. denne campusen husar Faculty of Agricultural and Environmental Sciences og School of Dietetics and Human Nutrition. Universitetet har eit godt utbygd velferdstilbod for studentane, og kan tilby hjelp med alt fra å finne bustad til å skrive CV og søke jobb etter avslutta studium. Dei har eiga helseteneste for studentane, eit breitt tilbod av ulike studentforeiningar og sportsaktivitetar og god datatilgang på campus. International Student Service skal sørgje for at studentane blir tatt godt imot og finn seg til rette både fagleg og sosialt.

Montreal ligger i provinsen Québec og har fransk som hovedspråk. Byen er ein av Canadas eldste og har omlag 3,5 millioner innbyggarar. Den er relativt kompakt og har eit studentvennleg levekostnadsnivå til å vere ein storby. Montreal er ein internasjonal by, med både europeisk og nordamerikansk preg. Byen har eit aktivt kulturliv og kan blant anna skilte med eigen humor- og filmfestival. I tillegg blir den regna for å vere eit kraftsenter for forsking, og den husar ei rekke farmasøytiske og biokjemiske selskap.

Accommodation

Universitetet har ei eiga velferdsteneste som kan bistå internasjonale studentar med å finne bustad.

Semester duration

Haustsemesteret varer frå september til desember. Vårsemesteret varer frå januar til april.

campus i mørket
Photo:
© McGill University

Information