Home
Student Pages
bilateral

North Park University and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryUSA
  • TownChicago
  • Number of exchange places2
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

North Park University ligg nord for sentrum av Chicago. Med forstadsbana tek det om lag ein halv time å reise til universitetet frå sentrum av byen. Nabolaget universitetet ligg i var tidlegare eit svensk nabolag, men har no fått innslag av langt fleire ulike etnisitetar, til dømes koreanarar. Likevel er restauranten "Tre Kronor", som ligg rett over gata for campus, framleis ein populær lunsjstad. Universitetet vart oppretta i 1891 av Evangelical Covenant Church, hovudsakleg støtta av svenske immigrantar. North Park er eitt av dei mange "skandinaviske", protestantiske liberal arts colleges i USA. Universitetet har i dag omlag 2 800 studentar. Som ved dei fleste andre amerikanske universitet finn ein alt ein treng av fasilitetar inne på campus: bustadar, førelesingssalar, kantiner, bibliotek, treningsfasilitetar osb. Det finst ei rekke sportslag på universitetet, både for dei som vil satse seriøst og for dei som berre vil mosjonere. Sidan dette er eit "skandinavisk" universitet, finst det sjøvsagt gode høve for deltaking innan både langrenn og fotball (soccer). Campusen til North Park ligg i ein relativt roleg del av Chicago. Likevel har dei sjøvsagt vakter på universitetsområdet. Desse vaktene er betjentar frå Chicago Police som har teke ekstrajobb ved North Park University. Det er i tillegg plassert "alarmstolpar" med jamne mellomrom på campus. Alle bustadane har i tillegg nokon som sit i inngangspartiet 24 timar i døgnet, blant anna for å passe på at ikkje uvedkomande kjem inn.

Chicago er ein av dei største byane i USA og har ei eit rikt kulturtilbod. Byen ligg like ved Lake Michigan. Langs innsjøen er det laga ei flott strand, med strandpromenade, som er veldig populær i sommarmånadane. I mange år vart Chicago sett på som ein utrygg by med mykje kriminalitet. Dette har endra seg mykje, og kriminaliteten i byen er, som i mange andre amerikanske byar, geografisk konsentrert. Det er framleis område sør for sentrum der ein ikkje bør ferdast.

Accommodation

Bustadane ligg inne på sjølve campus. Det er både reine jentebustadar og blanda tilbod. Dei fleste romma er dobbeltrom, men det finst og nokre enkeltrom. Standarden er relativt enkel. Fellesareala inneheld opphaldsrom, lesesal, pc-stue og eit lite kjøkken. Kjøkkenfasilitetane er likevel relativt dårlege sidan det er obligatorisk med ein "meal-plan" der ein går ut frå at studentar et alle måltida i universitetet sine kantiner. Full kost og losji vil kome på til saman om lag NOK 40 000 for eit semester ($ 7700 for eit år). Søker ein om bustad på campus i god tid før semesterstart, er ein så godt som garantert å få plass. Det er også mogleg å finne bustad privat utanfor campus, men universitetet kan dessverre ikkje tilby så mykje hjelp til dette. Det er heller ikkje anbefalt å bu off-campus viss ein berre skal vere der i eitt semester. Det er nok ein god del enklare å finne ein bustad privat om ein skal vera ute eit heilt år. Ugifte par som ønsker å bu saman må leige seg privat bustad utanfor campus, av di dei ikkje kan bu saman i universitetet sine bustader. Det å bu på campus vert rekna som ein viktig del av opplevinga viss ein vel å studere ved North Park. Få studentar bur utanfor campus og mykje av den sosiale interaksjonen med andre studentar er knytt til livet på campus.

Semester duration

Haustsemesteret startar vanlegvis rundt 25. august. Vårsemesteret startar rundt 10. januar.

Flott bygning
Photo:
© North Park University

Information