Home
Student Pages
bilateral

Akita International University and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryJapan
  • TownAkita-city
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Akita International University (AIU) opna formelt i 2004 og har i dag rundt 900 japanske studentar og 170 internasjonale studentar. Sjølv om universitetet er nytt, har det rukke å bli eit av dei mest populære universiteta i Japan. Universitetet vart oppretta etter modell av amerikanske «liberal arts colleges», med sterkt fokus på god undervisning og personleg oppfølging av studentane. AIU blir drive av dei lokale myndigheitene i Akita og trekker til seg studentar frå heile Japan. Universitetet har eit sterkt internasjonalt fokus, og all undervisning foregår på engelsk. Campusen ligg 30 minutt med bil frå sentrum av Akita, i eit naturskjønt område.

Akita ligg nordvest på øya Honshû, fire timar med hurtigtog frå Tokyo. Byen Akita har rundt 300 000 innbyggarar, og ei av dei største næringane i Akita er turisme. Byen er kjent for sine varme kjelder.

Accommodation

Utvekslingsstudentar får tilbod om studentbustad gjennom universitetet.

Universitet har òg avtale med ei rekke familiar i området som ønsker å vere vertsfamiliar for internasjonale studentar, for eksempel i helgar og feriar. Dette er ei fin mogelegheit til å praktisere språket og ein glimrande måte å få innblikk i den japanske kvardagen på.

Semester duration

Semestera følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til juli, medan haustsemesteret går frå september til desember. I tillegg har universitetet eit intensivt vinterprogram frå januar til mars.

Bibliotek
Photo:
© Akita International University

Information