Home
Student Pages
erasmus+

Institut d'études politiques de Grenoble and Faculty of Social Sciences (ERASMUS+ - Sciences Po Grenoble)

  • CountryFrance
  • TownGrenoble
  • Number of exchange places8
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Institut d¿Etudes Politiques de Grenoble er ein av ti prestisjeskular i sitt slag i Frankrike. I daglegtale går det helst under nemninga Sciences Po Grenoble. Instituttet har 1600 studentar i seg sjølv, men er samtidig underlagt dei langt større universitetsstrukturane Université Pierre Mendès-France og det regionale samarbeidet Université de Grenoble Alpes. Campusen ligg aust for byen, i Saint-Martin-d'Hères.

Grenoble er ein by og kommune som ligg søraust i Frankrike. Sjølve byen har om lag 160 000 innbyggarar, i storbyområdet bur rundt ein halv million. Grenoble er omkransa av fjell og blir ofte kalla for Alpane sin hovudstad. Byen er eit populært utfartspunkt for friluftsliv og skisport. Tidlegare har det òg vore mykje industri og gruvedrift i området.

Accommodation

Dei fleste studentbustadane i Grenoble er drifta av studentsamskipnaden CROUS sitt regionale kontor. Det kan vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden rundt semesterstart. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semester duration

September - januar og januar - juni.

Information