Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Faculty of Psychology and Autonomous University of Barcelona

  • CountrySpain
  • TownBellaterra (Barcelona)
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om avtalen

Who can apply

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor program i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

When can I go

Bachelorstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valfrie semester og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Language

Undervisningsspråket er på catalan/spansk med eit mindre kurstilbod på engelsk.

Språkkrav: B1

Dersom du ikkje har nok spanskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

What courses can I take

Psykologi på lågere grad (BA) avhengig av tilbod og krav omforkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan óg reise ut i ditt valfrie 5. semester og ta valfrie emner. Ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet for å få faglege råd om emnevalget undervegs.

Emnetilbodet ved universitetet er presentert her: https://www.uab.cat/web/study/undergraduate/undergraduate-offer/specific-programmes-for-international-students/general-information/international-programmes-selected-courses-1345671631595.html?param1=1345669555420

Emnetilbod på engelsk ved universitetet er presentert her: https://www.uab.cat/web/study/undergraduate/undergraduate-offer/subjects-in-english-1345678921142.html

Tuition fee

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad Autónoma de Barcelona er eit offentleg universitet med om lag 43 000 studentar. Universitetet satsar hovudsakleg på dei fire områda biovitskap og helse, eksperimentelle og teknologiske fag, samfunnsvitskap og humanistiske fag. Universitetet sin hovudcampus Bellaterra ligg i Cerdanyola del Vallès, om lag to mil unna Barcelona.

Barcelona er regionshovudstad i den autonome regionen Catalonia og den nest største byen i Spania, med om lag 4,6 millionar innbyggarar, irekna forstadsområda. Verdsbyen er blant anna kjend for storslått arkitektur, eit rikt kulturtilbod og fotballspelarane sine.

Accommodation

Universitetet har ein stor «studentby» kalla Vila Universitària på Bellaterra campus der internasjonale studentar kan søke om bustad. UAB samarbeider òg med Resa Housing Barcelona, ei tverrinstitusjonell teneste for bustadformidling. Det kan vere vanskeleg å ordne med bustad på førehand frå Noreg, difor kan det vere nødvendig å finne mellombels losji for dei første par dagane i Barcelona.

Semester duration

September - januar og februar - juli.

Information