Home
Student Pages
bilateral

University of Minnesota and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryUSA
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Minnesota er eit av dei største offentlege universiteta i USA og vert også rekna blant dei mest prestisjefylte. Det er ranka blant topp seks av dei beste offentlege forskingsinstitusjonane i landet. Universitetet blei grunnlagt i 1851 og har i dag om lag 65 000 studentar fordelt på fire campusar. Universitetet har i dag om lag 3 800 internasjonale studentar frå 130 land. Hovudcampusen Twin Cities (UMTC) med sine 50 000 studentar fordelt på 17 ulike colleges og schools ligg i tvillingbyane Minneapolis og St.Paul. Det er først og fremst campusen i Minneapolis som er aktuell for studentar frå UiB. The International Student Orientation Program (ISOP) vert arrangert før kvart semester og er obligatorisk for alle nye internasjonale studentar. Her får ein høve til å bli kjent med universitetet og andre studentar, ein får hjelp til registrering og andre praktiske gjeremål i samband med semesterstart og informasjon om det å leve og bu i USA. Universitetet kan skryte av det 16. største biblioteket i Nord-Amerika. Størstedelen av campus har trådlaust nettverk som alle studentar kan få tilgang til ved å bruke sin University Internet ID og passord. For dei sportsleg interesserte er det nok av tilbod å velje mellom. Om ein trivst best som tilskodar kan ein følgje kampane til The Golden Gohpers frå tribuna, 11 jentelag og 11 gutelag innan idrettar som ishockey, friidrett, amerikansk fotball og basketball. Vil du trimme sjølv tilbyr universitetet topp fasilitetar. For 50-100 $USD per semester får du tilgang på diverse treningssenter, volleyball-, tennis-, squash-, friidretts- og fotballbaner og ein stor innandørs symjehall. På campus finn du i tillegg hundrevis av studentorganisasjonar som driv med alt frå argentinsk tangodansing til sjakk og fallskjermhopping. Du kan og bli medlem i den norske klubben.

Staten Minnesota har sterke skandinaviske band og dei mange nordmenn som utvandra og busette seg her set framleis sitt preg på samfunnet. University of Minnesota (UoM) tilbyr studiar i norsk, foreininga Sons of Norway har sitt hovudkvarter i Minneapolis og skulle du få lyst på norsk mjølkesjokolade og Solo er det ikkje så vanskeleg å få tak i. Noregs honorære konsul i Minneapolis er tidlegare visepresident Walter F. Mondale, som og var presidentkandidat for demokratane i 1984. Mondale si slekt kjem opphavleg frå Mundalen, eit dalføre i Fjærland i Sogndal kommune.Minnesota har hatt rykte som den trauste, solide staten i USA, full av folk med skandinavisk bakgrunn, og Minneapolis har ikkje akkurat vore forbunde med eit hektisk og trendy storbymiljø. Men det var før. De siste åra har byen vakna til liv. Det amerikanske trendbyrået Next Generation rangerer Minneapolis som den nest kulaste byen i USA - etter New York. Ein moderne storby som i dag står fram som eit kraftsentrum i midtvesten for kunst og kultur. Universitetet og dei mange studentane set og sitt preg på byen. Byen har ei framifrå teater- og musikkscene. Sentrum av byen blomstrar og ein kan i dag finne ei rekke butikkar, barar, pubar, restaurantar, kunstgalleri, museum, kinoar, teater og musikkscener downtown som gjer at byen er levande også etter arbeidsdagens slutt. Nye innvandrarar frå mellom anna Vietnam, Somalia og Latin-Amerika har blant anna gjeve byen nye kulturformer, nye impulsar, nye skikkar, nye butikkar og nye restaurantar. I løpet av året vert det arrangert mange festivalar i Minneapolis, alt ifrå humorfestival til kunstfestivalen Uptown Art Fair. Minneapolis vert rekna som sportsby nummer ein i USA og er er du glad i shopping kan du glede deg til å besøke det største kjøpesenteret i USA, Mall of America.

Accommodation

Det fins ei rekke alternativ å velje mellom både on-campus og off-campus, og universitetet hjelper til med å skaffe bustad. Mange studentar finn ein plass å bu etter framkomst og universitetet tilrår deg å kome om lag tre veker før semesterstart for å ha tid til å finne ein plass å bu og få etablert deg før semesteret tek til.

Semester duration

Det akademiske året går frå slutten av august til midten av mai. Det er delt inn i to semester med ein trevekers ferie i desember/januar, og eit sommarsemester frå juni til august. Det er som regel mogleg å søke om opptak både til semesterstart i august og i januar.

Grøn campus
Photo:
© University of Minnesota

Information