Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Faculty of Psychology and Université de Bordeaux

  • CountryFrance
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Université de Bordeaux blei opphaveleg grunnlagt i 1441, men blei sidan først oppløyst under den franske revolusjonen i 1793 og deretter splitta meir varig frå 1968 og utover. Dagens Université de Bordeaux blei til i 2014, ved samanslåinga av Université Bordeaux 1, Université Bordeaux Segalen og Université Bordeaux IV Montesquieu. Samla har det nye universitetet rundt 50 000 studentar og eit rikhaldig studietilbod, innanfor eit breitt spenn fag, frå juss og økonomi til rommedisin og ønologi, altså vinmakarvitskap. Universitetet har fleire store campusområde i og rundt Bordeaux sentrum.

Bordeaux er ein hamneby med rundt 250 000 innbyggarar, og den største byen i regionen Aquitaine på Frankrikes vestkyst. Storbyområdet har nærare ein million innbyggarar. Vinindustrien i regionen har ei omsetting på 14,5 milliardar euro kvart år, og står for størsteparten av sysselsettinga i Bordeaux ved sida av aktivtetar og forsking knytt til lufttrafikk, romfart og teknologi.

Accommodation

Universitetet sitt internasjonale kontor samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Dei kan òg bistå med informasjon til studentar som søker bustad privat. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d¿allocations familiales (CAF).

Semester duration

September ¿ Januar og Januar/ februar ¿ juni.

Flott bygning
Photo:
© Université Bordeaux

Information