Home
Student Pages
bilateral

Montana State University-Bozeman and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryUSA
  • TownBozeman
  • Number of exchange places4
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Montana State University i Bozeman er eit statleg universitet. Universitetet har om lag 12 000 studentar. 65% av studentane kjem frå Montana, 31% frå andre statar i USA og 4 % frå utlandet. Universitetsområdet ligg i utkanten av byen. Det er ein fin campus, med ei blanding av eldre og nyare bygningar.

Bozeman ligg i naturskjøne omgjevnadar, like ved den flotte nasjonalparken Yellowstone, som var verdas første nasjonalpark, oppretta i 1872. Plasseringa gjer at Montana vil vere eit framifrå val for studentar som set pris på å drive med fritidsaktivitetar utandørs. Tilhøva ligg særleg godt til rette for langrenn og alpint (inklusive snowboard) om vinteren, og for fjellturar, fjellklatring, rafting, fiske m.m. om sommaren. Bozeman er ein liten by med 30 000 innbyggarar, og er naturleg nok både sterkt prega av, og like mykje avhengig av universitetet. Kulturlivet er rikt og ved universitetet finst det fleire orkester (klassisk, jazz m.m.) og amatørteatergrupper for studentar.

Accommodation

Du finn bustad på eiga hand. Det er ikkje vanskeleg å finne bustad og universitetet har gode ressursar for å hjelpe deg med dette.

Semester duration

Haustsemesteret varer frå slutten av august til desember medan vårsemesteret varer frå midten av januar til første veka i mai.

Grøn campus
Photo:
Montana State University-Bozeman

Information