Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and University of Hawai`i at M¿noa

  • CountryUSA
  • TownHonolulu
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Hawai'i består av 3 universitet og 7 community colleges spreidd rundt på fleire av øyene i Hawai'i. University of Hawai'i at Manoa (UHM) er sjølve flaggskipet og hovuduniversitetet i University of Hawai'i-systemet. Universitetet ligg vakkert til i storbyen Honolulu i Manoadalen på øya Oahu. Honolulu sitt innbyggjartal på 500 000 utgjer om lag 1/3 av innbyggarane i delstaten Hawai'i. Universitety of Hawaii er USA sitt fremste universitet på Asia- og Stillehavsstudiar, men er og kjend for sine marine studiar. UHM har om lag 17 000 studentar, der om lag 1 500 er internasjonale studentar frå 80 ulike land. Om lag 75 % av dei internasjonale studentane kjem frå asiatiske land, dei fleste frå Japan, Kina og Korea.

Byen er kompakt og dette, i tillegg til klimaet på Hawai'i, gjer at folk brukar beina når dei beveger seg rundt i downtown Honolulu. Gatene er såleis fulle av menneske og liv.Bussystemet er relativt bra utbygd, og fungerer, men det vert tilrådd at ein brukar bil viss ein skal reise mykje rundt på øya. Universitetet sitt campusområde på om lag 320 mål ligg avgrensa til, berre 10 minutt med buss frå bydelen Waikiki, kjent for sine strender, restaurantar, butikkar og pulserande natteliv. På campusområdet fins ein bokhandel og andre butikkar. Det er også eit godt utval av spisestader på campus, med et breitt utval av ulike asiatiske kjøkken (kinesisk, malaysisk, koreansk m.fl.) og meir tradisjonelle serveringsstedar som Taco Bell, Pizza Hut etc. Det finst også eit utal av ulike studentorganisasjonar ved UHM og eit godt utbygd apparat for dei studentane som måtte vere interessert å ta del i frivilleg arbeid. UHM har to sentrale hovedbibiliotek:

  • Hamilton Library har den største samlinga av informasjon og forskningsmateriale i staten Hawai'i med meir enn 3 millionar bøker, noko som gjer det til det 64. største biblioteket i USA. Biblioteket har den største samlinga av materiale på Asia og Stillehavet i heile USA og UHM har sidan 1973 vore støtta av US Department of Education som eit National Resource Center for Stillehavet. Biblioteket sin onlinekatalog gir tilgang til lokale og nasjonale indeksar, spesialiserte databasar, internettressursar og nasjonale bibliotekkatalogar.
  • Sinclair Library husar mellom anna the Wong Audiovisual Center, the Computerized Learning and Information Center og the Music Collection. Her har brukarane tilgang til ei stor samling av video- og lydopptak, ein "kino" med stort lerret og 40 sitteplassar, multimedia undervisningsmateriell, software m.m.

Campusområde kan skildrast som trygt og fredeleg. Likevel har UHM ein 24-timars Campus Security Patrol som i visse tilfeller kan brukast til eskorte viss det er naudsynt.

Accommodation

Student Housing Services hjelper til med registrering til bustadar on-campus eller off-campus. Det er vanskeleg å få bustad på campus og dei fleste studentar vil helst leige privat i downtown Honolulu, anten i ei leilegheit eller på eit "studenthotell". Honolulu er ikkje den enklaste byen og finne ein plass å bu på den private marknaden og ein bør kome fram eit par veker før semesterstart for å ha god tid til å ordne dette. Leigeprisane i Honolulu er relativt høge (i overkant av USD 4000 per semester).

Semester duration

Haustsemesteret går frå omlag 1. september til omlag 20. desember. Vårsemesteret går fra omlag 12. januar til omlag 21. mai.

Havutsikt
Photo:
© University of Hawaii at Manoa

Information