Home
Student Pages
bilateral

James Cook University and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryAustralia
  • TownTownsville
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

James Cook University (JCU) har om lag 17 000 studentar, i all hovudsak fordelt på dei to campusane i Townsville og Cairns i delstaten Queensland. Universitetet har hatt undervisningstilbod sidan 1961, då som ei underavdeling av University of Queensland, og blei eit sjølvstendig universitet i 1970. JCU er blant anna sterke på tropisk marinbiologi, akvakultur og antropologi, og har lenge hatt ein utvekslingsavtale med UiB-institutta for sosialantropologi og biologi, med opning for søkarar frå andre fagområde.

Townsville er med sine 160 000 innbyggarar den største tropiske byen i Australia. Byen er eit godt utgangspunkt for utforsking av Great Barrier Reef, Magnetic Island og «The Outback». Om lag ein 4-5 timars køyretur lenger nord ligg Cairns, ein litt mindre by med om lag 120 000 innbyggarar.

Accommodation

JCU si bustadteneste på campus hjelper internasjonale studentar med å finne bustad, enten på campus eller privat. Dei har ei oversikt over ledige bustadar, og hjelper til med informasjon og råd om korleis ein skal gå fram for å leige på den private marknaden. Prisnivået på husleige i Townsville og Cairns er generelt lågare enn i dei store byane lenger sør.

Semester duration

Juli - desember og februar - juli.

Studentar syklar på campus
Photo:
© James Cook University

Information