Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and University of Guanajuato

  • CountryMexico
  • TownGuanajuato
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad de Guanajuato (UG) blei grunnlagt av jesuittane i 1732 og blei det første offentlege universitetet i Mexico i 1940. Det har om lag 33 000 studentar og er rekna som eit av dei beste i landet. Det vert gjeve undervisning innanfor stort sett alle fagområde, men undervisninga er spreidd på ulike campusar. På hovudcampusen i Guanajuato kan ein studere humaniora, kunstfag, samfunnsfag, psykologi, realfag og økonomisk-administrative fag. Helsefag blir tilbode på campusen i Leon.

Guanajuato er ein relativt liten by, med 170.000 innbyggarar, som ligg i delstaten med same namn 4-5 timar nord for Mexico D.F. Grunnlaget for byen var førekomsten av sølv som vart oppdaga her i 1559. Byen ekspanderte og vart ein velståande by i kolonitida, noko ein framleis kan sjå på dei mange kyrkjene og andre monumentale bygga. Byen står på UNESCO si liste over «World Heritage Zone». Sentrumskjernen ligg kompakt til mellom fjella og eignar seg best å utforske til fots.

Accommodation

UG har ikkje eigne studentbustader, men kan formidle kontakt med vertsfamiliar som kan ta studentar på heilpensjon. Ein kan òg på eiga hand leige rom hos ein familie eller finne ei leilegheit å dele saman med andre studentar.

Semester duration

Haustsemesteret varer frå byrjinga av august til byrjinga av desember. Vårsemesteret går frå slutten av januar til byrjinga av juni.

Information