Home
Student Pages
bilateral

Queen Mary University of London and Faculty of Law (BILATERAL - 5. studieår)

  • CountryUnited Kingdom
  • TownLondon
  • Number of exchange places8
  • Study levelMaster
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Queen Mary University of London, også kjend som QMUL, er eit offentleg forskingsuniversitet som ligg i London, Storbritannia. Universitetet vart grunnlagt i 1882 ved opninga av Westfield College, som hadde som mål å utdanne kvinner slik at dei kunne få opptak til University of London. Universitetet har i dag totalt 17840 studentar, og om lag 8000 av dei er internasjonale studentar frå 151 ulike nasjonalitetar. Det juridiske fakultet har samarbeidsavtale med Centre for Commercial Law Studies (CCLS). Senteret vart grunnlagt i 1980 og ligg i hjartet av London. CCLS har omlag 800 studentar frå 80 ulike land.

London er hovudstaden i England og Storbritannia. Sjølve byen har om lag 8,2 millionar innbyggarar, men om ein reknar heile pendlarområdet kring London(London Metropolitan Area) kjem ein opp i om lag 15 millionar innbyggarar. London er eit av verdas viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentre i moderne tid.

Accommodation

Universitetet tilbyr studentbustader til sine internasjonale studentar, så langt kapasiteten rekk. Søkarar som skal studere ved QMUL eit heilt studieår har førsteprioritet. Informasjon om studentbustader finn du på denne nettsida.

Semester duration

Frå midten av september til midten av januar, og frå midten av januar til slutten av mai.

Det er berre mogleg å utveksle i haustsemesteret, og berre i eitt semester.

Study Law at Queen Mary University of London

Producer:
QMULSchoolofLaw
Flott bygning
Photo:
© Queen Mary and Westfield College

Information