University of Copenhagen and Department of Comparative Politics (ERASMUS+)
- CountryDenmark
- TownKøbenhavn
- Number of exchange places1
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Då Københavns Universitet blei grunnlagt i 1479 hadde det svært stor grad av sjølvstyre, med eigne lover, domstolar og fengsel, men desse fullmaktene blei inndregne under reformasjonen. Universitetet spelar ei viktig rolle ikkje berre i dansk, men òg i norsk historie, ettersom det var hit nordmenn måtte reise for å studere fram til år 1811. I dag har universitetet i kongens by rundt 40 000 studentar, fordelte på åtte fakultet og fire campusar som alle ligg i, eller innan sykkelavstand frå sentrum.
København ligg på øyane Sjælland og Amager ved Øresund, ein halvtimes togtur frå Sverige og halvannan times flytur frå Bergen. I storbyområdet København bur det rundt 1,2 millionar menneske. Dei kan glede seg over å bu det som fleire gongar har blitt kåra som verdas beste by å bu i, og som elles er kjend for verdsleiande gastronomi, den liberale fristaden Christiania og ivrige syklistar.
Accommodation
Universitetet har ingen eigne studentbustader, men samarbeider med ein uavhengig velferdssamskipnad om bustadformidling for internasjonale studentar. Skandinaviske studentar vel vanlegvis å leige bustad privat.
Semester duration
September - januar og februar - juni.
Information
- Homepagehttp://www.ku.dk/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb5304
- Subject namePolitical science