Home
Student Pages
bilateral

University of the South Pacific and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryFiji
  • TownSuva
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

USP blei grunnlagt i 1968 og er den største utdanningsinstitusjonen for høgare utdanning i Stillehavsregionen. Universitetet er eigd og vert drive av tolv medlemsland: Cook Islands, Fiji, Kiribati, Marshall Islands, Nauru, Niue, Solomon Islands, Tokelau, Tonga, Tuvalu, Vanuatu og Samoa. Universitetet har campusar i alle medlemslanda, og den største, Laucala, ligg på Fiji. Universitetet tiltrekk seg akademikarar og studentar frå alle medlemslanda, i tillegg til heile verda. USPs forskningsstrategiar er dedikert til å adressere regionens mangfald, moglegheiter og utfordringar, og det er difor naturleg at USP har internasjonalt markante forskings- og utdanningsmiljø innan marine studium, klimastudium, biodiversitetsstudium, og samfunnsvitskaplege og humanistiske Stillehavsstudium.

USP er på mange måtar som eit «vestleg» universitet, blant anna med ein stor grad av EU-finansiering av forsking. Dette gjer at USP har ein internasjonal, fleirkulturell profil. I 2010 husa universitetet 200 internasjonale studentar, eit tal som har stige sidan. USP har totalt om lag 1 500 tilsette og eit studenttal som nærmar seg 30 000.

Internasjonale studentar held fyrst og fremst til på Laucala Campus på Suva. Denne byen er Fijis politiske og administrative hovudstad, og den største kosmopolitiske byen i Stillehavet med ca. 90 000 innbyggarar. Området har eit tropisk klima som naturlig nok vert påverka av det omkringliggande havet.

Accommodation

USP vil så langt som råd freiste å tilby studentbustader. Om ikkje det er mogeleg å få til vil innreisande studentar få hjelp til å finne bustad på den private marknaden.

Semester duration

Februar - juni og juli - november

Skilt på campus
Photo:
© Edvard Hviding

Information