Home
Student Pages
erasmus+uk

Cardiff Metropolitan University and Faculty of Fine Art, Music and Design (ERASMUS+UK)

  • CountryUnited Kingdom
  • TownCardiff
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+uk
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Cardiff Metropolitan University har historie tilbake til 1865. Cardiff Metropolitan har omtrent 11 000 studentar med over 1 200 internasjonale studentar frå meir enn 143 land. Universitetet tilbyr eit breitt spekter av bachelor- og masterprogram. Universitetet består av to campus, Llandaff og Cyncoed. Campus Llandaff er heimstaden til mellom anna Cardiff School of Art & Design, Management og Sport & Health Sciences.

Cardiff er hovudstaden i Wales og Europas yngste hovudstad. Her bur det omlag 470 000 menneske. Cardiff er basen for dei fleste nasjonale kulturinstitusjonar og mediar, og er sete for Senedd Cymru, parlamentet i Wales. Cardiff er ein flott stad å være student. Studentar blir tilbode ein veldig høg levestandard til relativt låge kostnader samanlikna med mange andre byar i Storbritannia. Cardiff er ein livleg by som tilbyr ei rekke førsteklasses fasilitetar for shopping, sport, underholdning, uteliv og sightseeing.

Information