Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Barnehabilitering strukturerast av eit sosialt hierarki

Rolf Horne disputerer fredag 18. november 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Like barn leikar best”. Ein praxeologisk studie om habilitering av hjelpetrengande barn og unge.

Main content

Habilitering av barn og unge er eit område der velferdsstaten grip inn i familien gjennom kommune- og spesialisthelsetenesta. Her står foreldre til hjelpetrengande barn og unge ansikt til ansikt med forskjellige fagprofesjonelle og eit system dei er avhengige av for å få tilgang til velferdsgode. Her møter det private det offentlege, og lekmenn møter spesialistar. Undersøkingar viser at hjelpa foreldre får innan desse rammene er forskjellig og varierande.

Avhandlinga undersøker sosiale sider av habilitering gjennom ein feltanalyse som er inspirert av den franske sosiologen Pierre Bourdieu sin praktikteori og habitustrilogi. Den søker svar på kva habilitering er, med særleg fokus på relasjonar mellom foreldre og fagprofesjonelle, sosiale praktikkar og symbolske sider av verksemda. Den undersøker kva som strukturerer muligheitene foreldre har for å få hjelp frå det offentlege. Avhandlinga argumenterer for at sosiale praktikkar i habilitering er dominert av ein medisinsk logikk med diagnostisering og forsking i sentrum. Logikken bidreg til både å strukturere og å legitimere dei sosiale praktikkane; praktikkar som aktørane er fortrulege med, som er sjølvsagte, og som er forma gjennom historiske og kollektive erfaringar, kunnskap og mynde.

Resultata viser at den sosiale avstanden, forklart som eit styrke- eller dominansforhold, mellom dei fagprofesjonelle og dei som er kalla ”lågt privilegerte foreldre” er relativt større enn avstanden til ”privilegerte foreldre”. Såleis er muligheitene for å få hjelp ein konsekvens av styrkeforholdet i relasjonen mellom dei som yter hjelp og dei som tek i mot hjelp. Der den sosiale avstanden er størst, er det minst muligheit for å få hjelp.

Avhandlinga avdekker og forklarer krefter på spel i habiliteringsfeltet. Resultata er eit bidrag til fagprofesjonelle, leiarar og politikarar i det vidare arbeidet med å forme og utvikle habilitering av barn og unge

 

Personalia:

Rolf Horne (f. 1961) kjem frå ein landbruksfamilie i Hyllestad og er utdanna sjukepleiar i Bergen, 1988. Han fullførte vidareutdanning i psykiatrisk sjukepleie i 1992 og Master i organisasjon og leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, 2009. Horne har arbeida ved Intensivavdelinga, Familiehuset og Barneavdelinga i Helse Førde. Vegen til akademia og doktorgradsarbeidet gjekk via Institutt for global helse og samfunnsmedisin, og forskingsgruppa Praxeologi. Horne har budd og arbeida i Danmark.