Home
Faculty of Mathematics and Natural Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Utdanning

Bestått-suksess for matematikk

Fleire studentar enn nokon sinne består i grunnemna i matematikk ved UiB.

Studentar MatNat
FLEIRE STUDENTAR STÅR PÅ EKSAMEN: 2016 vart eit rekordår for grunnemna i matematikk.
Photo:
Sandra Jecmenica, UiB

Main content

Hausten 2016 bestod 533 (69 prosent av dei påmelde) studentar emna MAT111 og MAT101, grunnkursa i matematikk ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Dette er rundt 50 studentar meir enn tidlegare rekord, og strykprosenten er kun 15. 

– Desse emna er viktige for oss, sidan dei er ein inngangsbillett til alle faga ved fakultetet. Det er flott at fleire står, og at vi får rekruttert fleire studentar seier Harald Walderhaug, prodekan for utdanning ved fakultetet.

Grunnkursa vert tekne saman med Examen philosophicum, og det er eit krav å stå i eitt av emna for å oppnå ein grad på fakultetet.

Tok negativ tendens på alvor

Dei to grunnkursa har halde seg stabilt dei siste åra, med ein gjennomføringsprosent på kring 65 prosent. I 2015 såg ein derimot ein tendens til eit svakare resultat, då 484 av 817 påmelde besto eksamen. Matematisk institutt tok tendensen på alvor, og innførte fleire endringar.

Mellom anna vart innleveringar av oppgåver mot slutten av semesteret gjort obligatorisk, og ein førte fråver på dei fleste gruppene.

Skryt av studentane

Walderhaug meiner at både studieseksjonen, undervisarane i emna og ikkje minst studentane fortener skryt.

– Eit godt læringsmiljø og eit godt fagleg innhald er viktig. Det ligg hardt arbeid bak eit bestått resultat i matematikk, og det skal studentane sjølv ha æra for, seier prodekanen.  

MatNat-fakultetet har i mange år arbeida systematisk for å skape eit best mogeleg læringsmiljø, med fokus på eit trygt sosialt nettverk mellom dei studentane som studerer saman frå første dag, og at dei skal oppleve å meistre studiekvardagen.

Erfaringane er at studentane trivst og får ei oppfølging som får fleire til å legge ned mykje tid til å arbeide med matematikken.