Home
Section for Cultural Heritage Management

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Sotrasambandet

3d_lok_11
Photo:
Utforsk 3D-modellen på: https://sketchfab.com/models/ad75ee896dec4e7aace4d70f5caae9ed

Main content

Stolpehol og steinpakningane

På lokalitet 11 er vi etter ein innleiande fase godt i gang med maskinell avtorving. På to platå 11,5-12 og 13-14 m o.h. har vi påvist ei rekke sannsynlege bustadsstrukturar, og funn relatert til ulik aktivitet. Tidsmessig skriv aktiviteten seg frå minst to seinmesolittiske, og éin neolittisk fase.

Vi veit at lokalitetane har vore strandbundne frå ca. 6000 til 4500 f.Kr, og kulturlaga frå fylkeskommunen si registrering blei 14C-daterte til 5220 til 5000 f.Kr. og 4790-4610 f.Kr.

Medan funnmaterialet ligg tett over store delar av lokalitetsflata, ser strukturane og steinpakningane ut til å vere samla sør på det øvre platået. Kulturlaga er enno ikkje avgrensa i plan, men etter å ha grave ei meterbrei kryssjakt har vi indikasjonar på form, utstrekning og funndistribusjon.

Den yngste fasen er representert ved ein femten cm tjukk horisont av humushaldig sand og grus, og ein steinpakning på om lag 7x12 meter. Under steinpakninga er det ein om lag fem cm tjukk torvhorisont, og under dette igjen eit nytt kulturlag med ei utstrekning på minst fem gonger tre meter. Det er mogleg torvlaget mellom kulturlaga representerer eit opphald i busetjinga.

To steinsette strukturar i utkanten av kulturlaget liknar stolpehol eller staurhol. Dette sannsynleggjer at steinpakningen, og det svarte kulturlaget, truleg er restane etter eit hyttegolv.

I delar av kulturlaget var det ein konsentrasjon av brende og ubrende bein. Ei ny datering av brende bein gav alderen 5717-5627 f.Kr. Dersom dette stemmer, kan dei altså skrive seg frå ein eldre fase enn begge dei daterte kulturlagsavsettingane. Ut frå funnkontekst verkar det likevel rimeleg å sjå beinfragmenta i samanheng med det eldste påviste langtidsopphaldet. Det skal også seiast at beina kan ha marint opphav, og at det såleis kan vere ein viss reservoaralder på desse (for å seie det enkelt inneheld marine komponentar ofte «gammalt karbon»). Dette er ein alvorleg feilkjelde, og prøver med marint innhald har vist seg å bli opp til fleire hundre år for gamle. Er dette tilfellet nærmar vi oss alderen på den eldste prøva frå registreringa. Vi vil ta ut kontrollprøver av trekol frå same lag, og vi vil køyre ulike kalibreringsprogram på denne prøven under etterarbeidet, dette vil truleg bringe oss nærmare eksakt alder.

Sentralt i det svarte kulturlaget, der funnkonsentrasjonen ser ut til å vere høgst, har vi påvist ein sannsynleg eldstad, delvis skjult under profilbenken.

Siste nytt er ein pakning av nevestore, skjørbrende stein sør på lokalitetsflata. Denne har ei klar lokaltopografisk avgrensing mot ein avlang voll i vest, og den naturlege knekken i landskapet mot aust. Om denne steinpakningen i sin heilskap kan representere ei bustadflate, ei utkastsone, eller noko heilt anna, gjenstår å sjå. Det har så langt vore svært få eller ingen funn i toppen av denne steinpakningen, noko som utgjer ein vesentleg kontrast til den seinmesolittiske steinpakningen der funna låg tett allereie rett under torva.

 

At site 11 we have uncovered various traces of settlement structures. These remains are situated at two different plateaus situated 11,5-12 and 13-14 m a.s.l., and relate in time to at least two late Mesolithic and one Neolithic phase. Most of the well-defined structures are on the upper plateau where we have also documented a distinct cultural layer. There are postholes and stone packing layers indicating a possible house structure. A fireplace situated right in the middle of an area with the highest concentration of finds. In addition, we have identified a knapping area and there are even more indications of archaeological settlement structures.

 

Tilbake til startsiden