Home
Faculty of Mathematics and Natural Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Her er dei nye MatNat-studentane

750 nye realfagstudentar vart helste velkomne til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet 12. august.

Semesterstart Matnat 2019, realfagbygget
Photo:
Jens H. Ådnanes, UiB

Main content

Helge Dahle, dekan ved fakultetet helste dei nye studentane velkomne i Grieghallen, der kring 750 nye realistar vart introduserte til fakultetet og Universitetet i Bergen. Dahle snakka både om historia og framtida for universitetet. Ikkje minst påpeikte dekanen berekraft som noko både UiB, studentane og samfunnet er opptekne av.

– De som startar å studere no er eg sikker på vil bli møtt med forventingar om å bidra til eit biologisk og økonomisk bærekraftig samfunn gjennom innovasjon og entreprenørskap på ein langt tydligare måte enn tidlegare studentkull. Vi har langt frå alle svara på kva som skal til, men vi veit at naturvitskapane vil vere heilt sentrale i å finne gode løysingar på dei store samfunnsproblema.

Helge K. Dahle, Grieghallen semesterstart
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Møt nokre av våre nye studentar:

Semesterstart 2019

Produsent:
UiB

Studiestart Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet