Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Studentinnovasjon

BEA-festivalen 2021

Bergen Entrepreneurship Academy (BEA) er ei felles utdanningssatsing innan innovasjon og entreprenørskap frå HVL, NHH og UiB. Bli med på den første BEA-festivalen frå 15.-19. mars.

BEA-festivalen 2021
Bli med på den første BEA-festivalen, som går av stabelen frå 15. til 19. mars.
Photo:
BEA

Main content

Målet med Bergen Entrepreneurship Academy (BEA) er å utvikle utdanningstilbodet innan innovasjon på tvers av dei tre institusjonane, og å legge til rette for studententreprenørskap. Slik skal samarbeidet styrke studietilbodet på Vestlandet innan dette området.

Med BEA-festivalen 2021 vil samarbeidspartnarane skape felles aktivitet rundt innovasjon og entreprenørskap. Festivalen skal gje fagleg inspirasjon og synliggjere noko av det nyskapande arbeidet som vert gjort på dette feltet på dei tre BEA-institusjonane.

– Å fremje berekraftig og ansvarleg innovasjon er eit høgt prioritert område for oss, og det er gledeleg at utdanningsinstitusjonane i Bergen har funne saman og lyftar studentinnovasjon på denne måten, seier Margareth Hagen, rektor ved UiB.

Grunna koronasituasjonen er årets festival heildigital og open for alle.