Home

POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Main content

Bassist

Musikk, helse, fellesskap og deltaking

Polyfon byggjer samarbeid om kunnskaps-, kompetanse- og tenesteutvikling, for å sikre at forskingsinformert musikkterapi er tilgjengeleg i heile landet. Sjå klyngas Strategi og handlingsplan og gje gjerne innspel til klyngas aktivitet!

Klyngedeltakarane samarbeider om å løfte eit nytt og løfterikt fag- og praksisfelt, i samspel med andre helserelaterte praksisar. Sjå m.a. klyngas årsmeldingar og lenkesamlinga vår.

Korleis kan du bruke og delta i klyngesamarbeidet?

Registrer deg for den månadlege bulletengen Polyfon-nytt! 
Følg oss også gjerne på Facebook og Instagram.

Nyhet
Logoene til de fem nye klyngedeltakerne i Polyfon: Sykehuset Innlandet, Universitetet Sørøst-Norge, Kilden, Kristiansand kommune, ROM-Agder.

Fem nye klyngedeltakarar

Knutepunktmodellen og prosjekt OPPTAKT skapar engasjement i dei nye regionane sør og aust. Heile fem nye deltakarar er tatt opp i klynga dei siste vekene: Kilden teater og konserthus, Kristiansand kommune, ROM-Agder, Sykehuset Innlandet og Universitetet i Sørøst-Norge.

INFOSIDE
Tildeling av midlar frå Agenda Vestlandet

Info om prosjektet OPPTAKT (2026-2028)

Polyfon skal styrke musikkterapi som praksis, utdanningsveg og forskingsområde i Noreg, og samtidig stimulere annan bruk av musikk som ressurs for helse og samfunnsdeltaking. Med prosjekt OPPTAKT vil klynga byggje faglege knutepunkt i regionane sør, aust og vest.

Konferanse
Logoer til medarrangørene av konferansen Styrke i samspel 2026
Oct 15

Styrke i samspel 2026

Synest du at det er mange konferansar i løpet av eit år? Det synest vi. Difor har vi samla etablerte konferansar innanfor folkehelse, idrett, kultur, frivilligheit, friluftsliv, integrering, inkludering og samfunnsutvikling til årets store møteplass i Vestland: Styrke i samspel-dagane 2026.

Podkast
tegning av diverse instrument og et banner i front med påskriften "Musikkterapodden"

Musikkterapodden

En podkast for alle som er nysgjerrig på musikkterapi.

RESSURSSIDE
Barn i Bergen

Frå plan til praksis i Bergen kommune

Barne- og familiehjelpa i Etat for barn og familie i Bergen kommune har bygd opp musikkterapitenester dei siste åra. Les om korleis dei kommunale musikkterapeutstillingane på dette feltet er grunngitt og planforankra.

Kunnskapsklynga Polyfon bind saman musikk og helse, akademia og praksis.
Både utdannings- og forskingsinstitusjonar, helseføretak og kommunar/fylkeskommune er med i samarbeidet.
Klynga samarbeider også med andre kunnskapsklynger og med nasjonale kompetansemiljø.