Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
INFOSIDE

Polyfons årsmøte og styringsgruppe

styringsgruppa april 2022
Styringsgruppa klynga hadde i april 2022. f.v. Kari Lise Vangsnes Dybdahl (Helse Fonna), Anne-Grethe Naustdal (Høgskulen på Vestlandet), Maria Hauser (Betanien DPS), Janiche Merete Buanes Heltne (NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus), Geir Lien (Helse Bergen), Kristianne Storhaug Ervik (Polyfons erfaringspanel), Frode Thorsen (Fakultet for kunst, musikk og design, UiB), Astrid Kvalbein (Norges musikkhøgskole), Mads Hagebø (Bergen kommune), Per Morten Ekerhovd (Vestland fylkeskommune) og John Harald Kaspersen (NORCE, Helse og samfunn). Ikkje til stades då bildet vart tatt: Bjarte Johansen (Polyfons erfaringspanel).
Photo:
UiB

Main content

Årsmøtet si samansetjing og funksjon

Årsmøtet er klyngas øvste organ og vert gjennomført ein gong i året, seinast 15. juni. Årsmøtet består av ein representant for kvar av Klyngedeltakarane, tre representantar frå Erfaringspanelet  og tre studentrepresentantar (ein frå kvar av dei tre regionane i klynga).

Årsmøtet handsamar følgjande saker: Godkjenning av Årsrapport og rekneskap, Endringar i Klyngeavtalen, Val av Styringsgruppe og Valkomité, Innkomne saker.

For fleire detaljar, sjå Klyngeavtalen.

Styringsgruppa si samansetjing

Etter Klyngeavtalen som gjeld frå 1. januar 2026, vel Årsmøtet ei styringsgruppe med 9 representantar. Styringsgruppas samansetjing etter valet på Årsmøtet 10. juni 2026 er:

  • Geir Davidsen, Instituttleiar, Griegakademiet, UiB. Styringsgruppas leiar (2026-2030)
  • Randi-Luise Møgster, Divisjonsdirektør, Divisjon for psykisk helsevern, Helse Bergen. Styringsgruppas nestleiar (2026-2028)
  • Øystein Bratvold, Etatsdirektør, Etat for psykisk helse og rustjenester, Bergen kommune (2026-2030)
  • Kenneth Dybdahl, Leiar Polyfons erfaringspanel (2026-2030)
  • Astrid Kvalbein, Rektor, Noregs musikkhøgskole (2026-2028)
  • Jacob Nødseth, Leiar hovudutval for kultur, idrett og inkludering, Vestland fylkeskommune (2026-2030)
  • Iris Anette Olsen, Avdelingssjef ABUP, Sørlandet sjukehus (2026-2030)
  • Silje Rasmussen Sandnes, Nestleiar Polyfons erfaringspanel (2026-2028)
  • Jon Wergeland, Kommunalsjef, Barne- og familietjenester, Kristiansand kommune (2026-2028)