Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Fokus på improvisasjon i musikkundervisning

Åsmund Espeland disputerer 9.12.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Didaktisk improvisasjon i musikkundervisning ".

Main content

Lærarar må dagleg ta ei mengd spontane val når dei underviser for å handtere ulike hendingar som dukkar opp i løpet av arbeidskvardagen. Desse vala kan skje innanfor læraren sin plan eller medføre at undervisninga tek nye og uventa retningar. Dette er utgangspunktet for denne studien, der Espeland undersøker fenomenet didaktisk improvisasjon basert på feltarbeid blant lærarar og lærarstudentar i musikkundervisning i kulturskule og ungdomsskule. Improvisasjon er i denne samanhengen å forstå som ein profesjonell ferdigheit, og hovudfokuset i studien er på korleis deltakarane improviserer i rolla som lærarar i møte med elevar.

Sentralt i studien står tre artiklar der didaktisk improvisasjon blir drøfta med utgangspunkt i ulike tema og omgrep. Den første artikkelen omhandlar læraren som medmusikant og har fokus på læraren sine handlingar og vurderingar i musikalsk samspel med elevane. I artikkel to løftar Espeland fram omgrepet «teacher agency» og ser dette i forhold til improvisasjon som fenomen. Den siste artikkelen i studien skildrar og diskuterer på kva måte deltakarane i studien utviklar og nyttar eit personleg didaktisk repertoar som del av sine undervisningspraksisar.

Studien tek til orde for ei brei tilnærming til improvisasjon, der improvisatoriske trekk kan finnast i både fasiliterande og instruksjonsbasert undervisning. På dette området skil studien seg frå fleire sentrale improvisasjonsteoretikarar innanfor forskingsfeltet.

Personalia

Åsmund Espeland (f.1973) arbeider ved Høgskulen på Vestlandet, der han mellom anna er studiekoordinator for Master i kunstfag og Master i kreative fag og læreprosessar. Espeland har hovudfag i etnomusikologi frå Universitet i Bergen (2003). Hovudrettleiar har vore professor Brynjulf Stige (UiB), og professor Kari Holdhus og professor Knut Steinar Engelsen (HVL) var birettleiarar.