Home
Faculty of Mathematics and Natural Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Mammuten får bli

Kva skal ein ta vare på når ein skal legge eit langt arbeidsliv bak seg? I dag er det festseminar for professor John Inge Svendsen, no emeritus.

John Inge Svendsen på kontoret sitt som holder opp et bilde av en Mammut.
John Inge Svendsen har vore med i Bjerknessenteret sidan oppstarten. Forskinga på fortidas klima har brakt han til Ural, med funn av mammutrester og neandartalarar I Arktiske strøk.
Photo:
Gudrun Sylte

Main content

I tredje etasje på Realfagbygget, har John Inge Svendsen flytta ut frå sitt gamle kontor. No deler han kontor, eit par meter nedover i samme gang. Han har blitt emeritus, og må innfinne seg med mindre hylleplass til bøker, hefter, artiklar, permar, alt som samlast opp gjennom eit langt liv i akademia.  

– Det er vanskeleg å vite kva som skal kastast. Eg har tatt vare på ein del seminar og hefter som ikkje er like lett å finne att digitalt, seier John Inge Svendsen, professor i kvartærgeologi, no professor emeritus. 

Nede i kjellaren har Institutt for geovitskap eit tilsvarande problem. Det er meter på meter med gamle borekjerner. 

– Det er lett å seie at me skal kaste dei, men i eit prosjekt i samarbeid med Universitetet i Tromsø, nytta me nye metoder for DNA-analyse på dei gamle kjernene. Då er dei gull verdt likevel, påpeiker Svendsen.  

Forskning avhengig av lokal kontakt 
Gitt dagens geopolitiske situasjon, er det samarbeidet satt på pause.  

– At russlandssamarbeidet no ikkje får fortsetje, er ei katastrofe for miljøforskinga. Det tar lang tid å byggje opp eit slikt samarbeid, seier Svendsen.  

John Inge Svendsen og kollega Jan Mangerud byrja å jobbe i Uralfjella alt på midten av 1990-talet, då Sovjet-tida nyleg var over. Mange lokale institusjonar var velvillige til samarbeid med vestlege institusjonar.  

- Me er heilt avhengige av fagleg samarbeid med lokale institusjonar for å få til feltarbeid i andre land. Det er svære logistiske operasjonar. Me skal ha tunge ting inn på fjellet. Me treng nokon som kjenner språket og kulturen, seier Svendsen.  

Første feltsesong var for tretti år sidan. Deretter har det eine prosjektet avløyst det neste.  – Om ein har eitt prosjekt på tre år, løyser det fint lite. Me treng tid på å løyse forskingsspørsmål, seier Svendsen  

Gjenskaping av Uralfjella før istida  
John Inge Svendsen er kvartærgeolog og jobbar med «yngre ting». Medan kvartærgeologar jobbar med dei siste 2.5 millionar åra, jobbar Svendsen mest med dei siste 100 .000 åra, etter dei store istidene.  

Kjernene han viser til, kjem frå Uralfjella. Forskinga på det erurasiske isdekket frå siste istid vart gjennom forskarkarrieren til eit over tretti år langt samarbeid med russiske institusjonar om Uralfjella.  

Her er ein av dei få stadene der det ikkje har vore is som har skrapt vekk sediment og avsetningar – slik det er i Noreg. Svendsen påpeiker at det i Noreg ikkje finst særleg med sediment som er eldre enn 10.000 år sidan. 

Gjennom arbeidet i Ural, har John Inge Svendsen saman med ven, kollega og mentor Jan Mangerud definert utstrekninga av isen under siste istid i Russland. Det viser seg at isgrensa gjekk om lag ved Uralfjella, her har det vore folk langt tidlegare enn det mange har trudde før.  

bilde av en Mammut på pulten til John Inge Svendsen

Ein liten mammut i plast høyrer til på kontoret til John Inge Svendsen. Gjennom forskinga si har han gjenskapt landskapet slik det var med mammutar og istidsfolk slik det var i tida før/etter den siste istida – for rundt 20.000 år sidan.

Photo:
Gudrun Sylte

Svendsen saman med ei rekkje kollegaer i 2004 laga ei ny rekonstruksjon av det Euraiske isdekket, viste forskarane at det nordlege Russland var isfri då isdekket var på sitt største, for omlag 20.000 år sidan.  Forskarverda kallast dette LGM, Last Glacial Maximum, og Svendsens reonstruksjon inngår i mange globale modellar som eit rammevilkår for LGM-tida. 

Neandertalarar i Arktis 
I samarbeid med arkeologar, fann Svendsen og Mangerud ut at folk hadde kryssa polarsirkelen på dei russiske slettene for over 40 .000 år sidan. Publisert Science i 2011, kunne Svendsen og kollegaene vise at det var neandertalarar fleire tusen kilometer lengre nord enn ein tidlegare hadde kjent til.  

– Verdien av samarbeid på tvers av fag kan ikkje overdrivast. Berre her på instituttet, kan det vere vanskeleg å forstå på tvers av disisplinar som maringeologi og kvartærgeologi. Det same gjeld mellom modellering og oss som jobbar med observasjonar, me har framleis mykje å lære av kvarandre, seier Svendsen.  

Som veteran kjenner han godt til utfordringa med å få forskarar til å forstå språket til dei ulike tradisjonane.  

- At Bergen har så godt modelleringsmiljø som ein har i dag, det er eit resultat av at me etablerte Bjerknessenteret, seier John inge Svendsen.