Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
NYE DATA FRÅ HELSEDIREKTORATET

Polyfon-samarbeidet aukar tilgangen på musikkterapitenester

Polyfon samlar inn indikatordata for å kunne vurdere samfunnseffekten av klyngesamarbeidet. Nye data frå Norsk pasientregister (NPR) tyder på at Polyfon-samarbeidet aukar tilgangen på musikkterapitenester.

Statistikk frå NPR
Data frå NPR tyder viser behov for å løfte innsatsen for musikkterapi i fleire regionar.
Photo:
UiB

Main content

Figuren over byggjer på tal frå Norsk pasientregister (NPR) og viser tal pasientar som er registrerte med kode for musikkterapi i spesialisthelsetenesta i dei fire helseregionane i landet vårt. Tala gjeld for perioden 2016-2022.

Som vi ser: I Helse Sør-Øst og særleg i Helse Vest har det vore ein klar vekst i tilbod sidan 2016, sjølv om veksten har stoppa litt opp i Helse Sør-Øst dei siste åra. I Helse Midt og Helse Nord er det snakk om stabilt svært låge tal.

Det er positivt at veksten i Helse Vest held fram, men nasjonalt er det behov for eit løft. Her vil det då vere nyttig å diskutere både kva skilnadene skuldast og kva som kan gjerast.

At det er så lite implementering i spesialisthelsetenesta i Helse-Midt og Helse-Nord, kan vere knytt til at dette er regionar utan musikkterapeututdanning.

At veksten er såpass mykje kraftigare i Helse Vest enn i Helse Sør-Aust, kan vere relatert til ein Polyfon-effekt. Førebels er Helse Vest den einaste regionen i Noreg der mesteparten av spesialisthelsetenesta er meldt inn i klyngesamarbeidet. Dette bidreg til brukarmedverknad og til plan- og leiarforankring av systematisk implementering.

Vi presiserer at det må takast høgde for feilmarginar i tala, då det kan vere tilbod som ikkje vert registrerte med rett kode. Kanskje slår dette meir ut der musikkterapi er minst etablert, altså i Midt-Noreg og Nord-Noreg.

Elles må vi sjølvsagt justere for folketal i kvar region. Dersom musikkterapi var like tilgjengeleg i alle regionar, skulle t.d. Helse Sør-Aust si søyle ikkje vere lågare enn Helse Vest si, men tre gonger så høg.