Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Webinar

Ope webinar 2: Har du innspel til klyngas strategi?

Kva og kor vil vi med Polyfon? Kunnskapsklynga gjennomfører ein strategiprosess og vi ønskjer DINE innspel velkomne! 19. oktober inviterer vi til innspels-webinar. Kjetil Vikene (UiB) og Karette Stensæth (NMH) innleiar til debatt om forholdet mellom forsking og praksis. Meld deg på!

Barn foran stor trapp
Photo:
Jukan Tateisi, unsplash.com

Main content

Webinaret 19. oktober er tredelt:

- Først vert det ei generell orientering om kunnskapsklynga

- Så vert det presentasjon og diskusjon av temaet for webinaret (relasjonen mellom forsking og praksis)

- Til slutt vert det presentasjon og diskusjon av kjernepunkt i klyngas nye strategi: visjon, verdiar, målsetjingar, satsingar og verkemiddel. 

Tema: Forsking og praksis hand i hand?

Polyfon ønskjer å bidra til å knyte kunnskapsutvikling og utvikling av tenester og praksis tett saman. Kor står vi i dag? Kva gode eksempel kan vi lære av? Kva er gode vegar vidare?

Som innleiing til diskusjon, gjev Kjetil Vikene (førsteamanuensis ved Det psykologiske fakultet, UiB) og Karette Stensæth (professor ved Noregs musikkhøgskole) ein presentasjon av deira eige arbeid med å knyte saman forsking og praksis.

Lenke til webinaret blir sendt til alle påmeldte dagen før.

Ønskjer du å gje innspel tl strategiprosessen?

I webinaret vert det rom for spørsmål, kommentarar og diskusjon. I tillegg er det mogeleg å kome med skriftlege innspel, både før, under og etter. Klyngas strategigruppe og styringsgruppe vil vurdere alle skriftlege innspel nøye.

DU kan kome med skriftlege innspel

NB: Det er lettare å kome med presise forslag og kommentarar til strategien om du kjenner det strategiforslaget som ligg føre: sjå lenka til strategidokumentet (Polyfons plattform) på nettsida om strategiprosessen.