Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nytt om forsking og formidling

Ny og variert kunnskap om musikkterapi

Innan klynga og i forskingsmiljø klynga samarbeider tett med, vert det jamleg publisert ny og interessant forsking innan musikkterapi. Vi deler nokre eksempel frå dei siste månadene, for å få fram litt av breidda i aktiviteten.

Oppslått bok
Photo:
Jonas Jacobsson, unsplash.com

Main content

Etisk musikalitet

Gro Trondalen ved CREMAH/Norges musikkhøgskole har publisert ei engasjerande og tilgjengeleg bok om etiske dimensjonar ved musikalsk praksis. Forfattaren vever saman filosofiske/teoretiske perspektiv med praksiserfaringar og argumenterer for at etisk musikalitet opnar opp for nye forståing av menneskeleg eksistens, med kropp, relasjonar, tid og stad.

Lenke til boka.

Musikk som ressurs for heimebuande eldre menneske

Forskarane Felicity Baker og Karette Stensæth ved CREMAH/Norges musikkhøgskole er blant medforfattarane i ein ny artikkel basert på det EU-finansierte HOMESIDE-prosjektet. I dette prosjektet undersøkjer forskarane om det å synge, lytte og bevege seg til musikk saman kan ha positive effektar på par som bur heime, der den eine partnaren har demens. I den nye artikkelen er fokuset på korleis musikken kan verte ein kvardagsressurs for menneske i ein slik situasjon.

Lenke til artikkelen.

Foreldre som syng for sine for tidleg fødde spedborn

Kva er effekten av at foreldre får hjelp til å knyte band med sine for tidleg fødde spedborn, gjennom song? Dette er eit hovudspørsmål i den store NFR-finansierte LongSTEP-studien, initiert og koordinert av forskingssenteret GAMUT ved NORCE/UiB. Claire Ghetti er førsteforfattar og fleire andre forskarar ved GAMUT medforfattar på ein ny artikkel frå dette prosjektet. Om ikkje prosjektet gav nett dei resultata ein hadde venta, er det generert innsikt som også har generert ny NFR-finansiert forsking, med vekt på kvalitativ og teoretisk forståing av korleis relasjonar og samspel kan støttast gjennom musikk.

Lenke til artikkelen.

Nytt perspektiv på musikk og smertelindring

Stefan Kölsch, ein av dei dyktige hjerneforskarane ved Det psykologiske fakultet, UiB, er seniorforfattar på ein ny og viktig artikkel om musikk og smertelindring. Noko av det interessante med artikkelen er at den bidrar til ny teoretisk forståing av korleis og kvifor musikk kan lindre smerte.

Lenke til artikkelen.

Musikkterapiens relevans i arbeidet med agitasjon ved demens

Det finst mykje praksiserfaring som tyder på at musikkterapi kan ha stor relevans i arbeidet med agitasjon og demens, men det er lite støtte å finne i gjeldande Cochrane-oversikt. Frode Aass Kristiansen er førsteforfattar for ein ny artikkel om dette temaet. Forfattarane har utvikla ein kritikk av effektforskinga på feltet, samstundes som dei bidreg til ny forståing gjennom ein kvalitativ studie av vilkår for at musikkterapi skal kunne ha effekt.

Lenke til artikkelen.

Framtidas traumebehandling?

Oda Dypvik Bjørke (Lovisenberg Diakonale Sykehus i Oslo) og Bolette Daniels Beck (Aalborg Universitet) har publisert ein artikkel om musikkterapi som affektregulering for pasientar med psykiske traume. Forfattarane belyser improvisasjonar og samtalar frå fleire teoriperspektiv og med det også korleis musikkterapi kan vere ein viktig del av eit tverrfagleg team på dette feltet.

Lenke til artikkelen.