Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
NYHET

Takk til (fjor)årets bergensar!

Med støtte frå GC Rieber Fondene kan Polyfon lyse ut 6 tverrfaglege sommarstipend for studentar. Det gjev eit løft til arbeidet med å byggje ein tverrfagleg kultur. Vi takkar Fondene og Christian Rieber!

tre menn under prisutdeling
Christian Rieber (i midten) får Christieprisen i 2015 av dåverande UiB-rektor Dag Rune Olsen (t.v.) og dåverande juryleiar Knut Helland.
Photo:
Thor Brødreskift

Main content

Eit avgjerande samarbeid

Sidan musikkterapifaget vart etablert ved Universitetet i Bergen i 2006, har vi svært mange gonger opplevd at det har vore mogeleg å ta nye løft takka vere GC Rieber Fondene.

Vi har erfart at eit internasjonalt orientert breiddeuniversitet kan vere ein svært god vertskapsinstitusjon for musikkterapifaget, men også at denne type universitet har fleire reiskapar for å løfte etablerte fag enn nye, uferdige fag. Då har støtta frå GC Rieber Fondene, somme gonger i samspel med Grieg Foundation, vore heilt avgjerande.

Kunnskapsklynga Polyfon handlar ikkje om UiB, men spring ut av UiB, og GC Rieber Fondene har vore med på å gje oss kraft til å ta nasjonale initiativ. Den støtta vi har fått opp gjennom åra har vore med på å løfte både utdanning, forskingssenter og kunnskapsklynge.

For Polyfons del handlar det både om Nasjonalt nettverk for musikkterapi og eldrehelse (2008-2014), som var ein forløpar for Polyfon-samarbeidet, og det handlar om den store tildelinga som gjorde oppstarten av kunnskapsklynga mogeleg i 2015.

Det er forresten slik at fleire av klyngedeltakarane også kvar for seg har fått støtte frå GC Rieber Fondene, til utvikling av kunnskap, tilbod og tenester.

Eit personleg engasjement

Polyfon vart altså etablert i 2015 og kan feire 10-års-jubileum i 2025. Ein sentral medspelar heilt sidan dei første sonderingane i 2013 har vore Christian Rieber, mangeårig styreleiar i GC Rieber Fondene og framleis ein engasjert samtalepartnar med sine 99 (!) år.

Christian er ikkje ein mann som søkjer merksemd om eigen person, men litt merksemd får han heldigvis. Same året som Polyfon vart etablert fekk han Christieprisen for si mangeårige støtte til både klima- og helseforsking, inkludert musikkterapi.

I fjor, like før nyttår, vart han kåra til årets bergensar. Velfortent, sjølvsagt! For oss har han vore årets bergensar i over 20 år. Vi sluttar oss til gratulantane og takkar for eit fantastisk samarbeid!

For oss har han vore årets bergensar i over 20 år