Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Webinar

Polyfons søkjarwebinar: Utviklingsstøtte

Planlegg du å søkja Polyfon om støtte til eit utviklingsprosjekt? Første søknadsfrist for Polyfons nye støtteordning er 1. juni. Vi inviterer til gratis søkjarwebinar 11. mai, for alle som er involverte i praksis- og tenesteutvikling i Polyfon.

En hånd holder noen løker over en potte
Photo:
Unsplash.com.

Main content

Velkomen til webinar måndag 11. mai kl 14.30-15.30 om korleis søkja på Polyfons ordning for utviklingsstøtte.  

Eit utviklingsprosjekt innan denne støtteordninga må ha som mål å leggje grunnlag for meir og/eller betre musikkterapipraksis. Søknadsfristen er 1. juni.  

Klynga har knutepunkt i tre regionar (sør, aust og vest). Vi ønskjer søknader frå klyngedeltakarar i alle dei tre regionane velkomne!

Ta gjerne kontakt med fagkoordinatorane for Polyfons regionale knutepunkt dersom du ønskjer råd om utvikling av eit prosjekt.

Webinaret vert leia av: 

  • Marie Strand Skånland, Polyfons fagkoordinator i sør (forskingsleiar / førsteamanuensis ved Ansgar høyskole)
  • Hans Petter Paulen Solli, Polyfons fagkoordinator i aust (musikkterapeut / førsteamanuensis ved Noregs musikkhøgskole)
  • Kaja Elise Åslid Enge, Polyfons fagkoordinator i vest (musikkterapeut i Bergen kommune / førsteamanuensis II ved UiB)
  • Brynjulf Stige, Polyfons klyngeleiar (Professor ved Griegakademiet, UiB)

Vi startar webinaret med informasjon om mål og rammer for Polyfons utviklingsstøtte og om retningslinjer ved vurdering av søknader. Dernest opnar vi opp for å dele idear og å stille spørsmål, anten spørsmåla er generelle eller spesifikt knytte til eigne prosjektplanar. 

Påmelding i dette skjemaet.

Lenke til webinaret: https://teams.microsoft.com/meet/339212316693883?p=cgo8J5tLYpHAHUNIVX