Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
RETNINGSLINJER

Søk om utviklingsstøtte

Polyfon stimulerer utvikling av praksis og tenester, i tråd med kunnskapsgrunnlag, retningslinjer og brukarønske. Årleg søknadsfrist er 1. juni. Søknader vert vurderte av ein ekstern komité. Kontakt gjerne sekretariatet eller klyngas regionale fagkoordinatorar for råd.

Klargjering til planting
Polyfon deler ut utviklingsstøtte til ulike prosjekt som kan auke bruken av og styrke kvaliteten i praksis og tenester.
Foto/ill.:
Unsplash

Hovedinnhold

Som ein del av Prosjekt OPPTAKT og med støtte frå Agenda Vestlandet, Sparebanken Norge, har Polyfon etablert ei ordning for støtte til utviklingsprosjekt for tenester og praksis. 

Søknader vert evaluerte av ein ekstern komité. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.

Sekretariatet og/eller klyngas regionale fagkoordinatorar gjev gjerne råd til deg som arbeider med søknadar og prosjekt. Ta kontakt! 

Mål med ordninga

Eit utviklingsprosjekt innan denne støtteordninga må ha som mål å leggje grunnlag for meir og/eller betre musikkterapipraksis.

Tiltaka som skal utviklast må gjerne sjåast i samanheng med andre helse- og utviklingsrelaterte musikkpraksisar.

Generell informasjon

Søknader skal innehalde ei prosjektskisse med tydeleg beskriving av mål og behov, framgangsmåte og forventa resultat.  

Søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 20 000, – og oppover til kr. 150 000,-. I 2026 er potten til fordeling på kr 600 000,-. Ved tilslag vert støtte utbetalt til søkjande klyngedeltakar, som forvaltar tildelinga.

Søknaden sender du inn på det digitale søknadsskjemaet

Kva kan ein søkje om støtte til?

Både kunnskapsgrunnlag, retningslinjer, brukarønske og samfunnsøkonomiske vurderingar tilseier at bruken av musikkterapi bør oppskalerast og kvalitetssikrast både i helse- og sosialtenestene og i barnehage- og skulesektor.

  • Ein kan søkje om støtte til utviklingsprosjekt som kan styrke omfang av og/eller kvalitet i praksis og tenester. Det kan t.d. vere prosjekt med mål om å kartleggje behov, undersøkje brukarerfaringar, byggje samarbeidsnettverk, utvikle og dokumentere metodikk og/eller utvikle planar for implementering og kvalitetssikring av musikkterapi
  • Det er mogeleg å søkje om støtte til drift og gjennomføring av eit fokusert utviklingsprosjekt, inkludert utgifter til å honorere ressurspersonar i prosjektarbeidet. Det er ikkje ei tilskotsordning for etablering av praksis.
  • Søknader om utviklingsstøtte kan om ønskjeleg sjåast i samanheng med søknader om forskingsstøtte og/eller formidlingsstøtte.

Retningslinjer ved vurdering av søknader

Vurderingskomiteen arbeider etter følgjande retningslinjer:

  • Prosjektet må ha målsetjingar som samsvarar med målet med ordninga (sjå over)
  • Prosjektkvalitet er eit hovudkriterium ved vurdering. Samtidig vert det gjort ei heilskapleg vurdering ut i frå fordeling mellom regionar og klyngas strategi
  • Utviklingsprosjekt skal ta omsyn til eksisterande kunnskap om musikkterapi, i tillegg til lokale behov og brukarønske
  • Søknader må vise at det blir lagt til rette for brukarmedverknad så langt dette er mogeleg og relevant
  • Søknader kan gjerne leggje til rette for samarbeid med andre klyngedeltakarar og t.d. master- eller ph.d.-prosjekt
  • Søknader skal vere godkjende av leiinga hjå aktuell klyngedeltakar. 

Nokre tips

Tips som kan styrke arbeidet med ein søknad til Polyfons ordning for utviklingsstøtte:

Tips som kan supplere arbeidet med ein søknad til Polyfons ordning for utviklingsstøtte:

  • Polyfon har altså ikkje ei støtteordning for etablering av praksis, men her er det andre instansar å søkje, t.d. stiftingar og fond eller nasjonale tilskotsordningar forvalta av Helsedirektoratet eller Statsforvaltaren.
  • Tilskot til lokale og utstyr er ikkje omfatta av Polyfons ordningar, men her kan ein anten søkje fond og stiftingar eller den offentlege tilskotsordninga Kulturrom.