Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyheit

Polyfons første årsmøte vel i hamn

10. juni 2026 vart ein merkedag for Polyfon. Klyngas første årsmøte vart avvikla, som del av ein rikhaldig årsmøtedag med eit seminar om myndigheitskontakt og eit orienteringsmøte om klyngas utvikling. Dagen lovar godt for framtidig klyngesamarbeid!

Polyfons årsmøterepresentantar 2026
På bildet ser du årsmøterepresentantar frå dei 21 klyngedeltakarane pluss tre representantar frå Erfaringspanelet og tre studentrepresentantar. Ein fin og kompetent gjeng!
Photo:
UiB / Polyfon

Main content

Årsmøtet

På årsmøtet vart årsrapporten med rekneskap for 2025 godkjend og ei ny sterk styringsgruppe for dei komande åra valt.

Klyngeseminar om myndigheitskontakt

Klyngas myndigheitskontakt tar ulike former. I klyngeseminaret 10. juni ønskte vi å setje søkelys på kva myndigheitskontakt kan og bør vere i Polyfon-samarbeidet i åra framover. Program:

  • Opningsmusikk med ungdommar frå Kom Nærmere og Katedralskolen, avd. Kyrre, under leiing av musikkterapeut Johannes Medlien
  • Føredrag: «Myndighetskontakt for nye arbeidsmåter og kompetanser i tjenestene». Ved Torbjørn Mohn-Haugen, fagleg rådgjevar i NAPHA og tidlegare leiar for Erfaringssentrum
  • Appell: «Kvifor ønskjer Erfaringspanelet styrkt fokus på myndigheitskontakt i Polyfon?» Ved Nils Mæhle, medlem av Polyfons erfaringspanel, leiar for Bergen eldreråd og leiar for Storbynettverket for eldreråd
  • Paneldebatt, med fokus på 1) Kva er dei viktigaste tematikkar å løfte fram i Polyfons myndigheitskontakt? 2) Kva type myndigheitskontakt kan vere tenleg for ei klynge som Polyfon? 3) Kven kan bidra med kva? Ordstyrar: Torbjørn Mohn-Haugen

Orienteringsmøte om klyngas utvikling

Orienteringsmøtet hadde følgjande program:

  • Prosjekt OPPTAKT / oppbygging av regionale knutepunkt, status. Klyngeleiar Brynjulf Stige og dei regionale fagkoordinatorane Marie Skånland, Hans Petter Paulen Solli og Kaja Enge orienterte om utviklinga så langt
  • Klyngas støttespelarar og samarbeidspartnarar. Presentasjon av Polyfons økonomiske støttespelarar og faglege samarbeidspartnarar
  • Erfaringar med sommarstipend for studentar: Alexandra Khazaie (musikkterapistudent ved Griegakademiet, UiB) og Siri Narum (medisinstudent ved UiB) la fram eit spennande tverrfagleg prosjekt om musikk og perinatal psykisk helse).
  • Polyfon-nytt: Kort informasjon om denne bulletengens funksjon i klyngesamarbeidet og om de ulike nettressursane som er lagt ut på Polyfons nettside.