Laserionisering
Ein er no i stand til å lage laserar som sender ut ekstremt intese og korte pulsar. Det har vorte demonstrert at pulsane kan vare kortare enn 1 femtosekund (10^(-15) s) og ha intensitetar opp mot 10 TW/cm 2 (terra, T, er 10^(12))! Slike laserfelt gjer det mogeleg å undersøke fleire nye aspekt ved vekselvernaden mellom lys og materie. Vi har forska på ionisering av atom og molekyl i slike laserfelt.
Main content
Stabilisering
Det er naturleg å tenkje seg at når ein sender ein laserpuls på eit atom, vil sannsynet for ionisering auke med styrken på laseren. Men slik er det ikkje alltid. Av og til vil faktisk ionisasjonssannsynet avta med aukande feltstyrke. Dette vert kalla stabilisering. Vi kan forstå det ut frå at oscillasjonane i det elektronmagnetiske feltet er så raske at elektronet berre "merkar" ein slags middel-effekt av feltet. Som ein konsekvens av dette, har alle elektrona som vert ioniserte svært låg energi i stabliliseringsregimet.
Magnetiske effektar
Sidan det elektriske feltet er mykje sterkare enn det magnetiske i ei elektromagnetisk bølje, er det vanleg å sjå vekk frå effekten av det magnetiske feltet for å gjere utrekningane enklare. Men denne tilnerminga er ikkje alltid like god.
Ionisering av hydrogen-molekyl-ionet
Vi har undersøkt korleis sannsynet for å ionisere dette molekylære systemet er avhengig av geometriske faktorar som avstanden mellom kjernene og vinkelen mellom molekylaksen og poliseringa av det elektriske feltet. I figuren nedanfor ser vi at når polariseringa er parallell med aksen, oscillerar ionisasjonsannsynet med kjerneavstanden. Dette er ein interferens effekt mellom utgåande bølger med kvart sin kjerne som utgangspunkt.
Vi har undersøkt korleis sannsynet for å ionisere dette molekylære systemet er avhengig av geometriske faktorar som avstanden mellom kjernene og vinkelen mellom molekylaksen og poliseringa av det elektriske feltet. I figuren nedanfor ser vi at når polariseringa er parallell med aksen, oscillerar ionisasjonsannsynet med kjerneavstanden. Dette er ein interferenseffekt mellom utgåande bølger med kvart sin kjerne som utgangspunkt.
