Home
Centre for Pharmacy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Alumnidag for uteksaminerte farmasøytar

Laurdag 15. september arrangerer Senter for farmasi fagleg og sosialt gjensynstreff for tidlegare farmasistudentar.

Main content

Senter for farmasi ønskjer å halde på, samt vidareutvikle kontakten med tidlegare studentar (alumner). Vi vil prøve å skape møtestader der alumnene kan byggje nettverk og utveksle erfaringar, både seg imellom og saman med oss.

I samband med dette har vi oppretta ei eiga alumnigruppe for tidlegare farmasistudentar. Nettsidene inneheld kontaktinformasjon til medalumner og tilsette ved UiB, samt farmasifaglege nyhende, ledige stillingar og diskusjonforum.

I tillegg til å ha ein møteplass på nettet, er vi glad for no å kunne arrangere ein alumnidag. Arrangementet vil finne stad på Scandic Hotel Bergen City, laurdag 15. september 2012.

Det vil vere eit dagprogram der inviterte føredragshaldarar, deribland tidlegare studentar, vil bidra med innlegg frå fleire område innanfor farmasien. I tillegg vil det bli halde ein paneldebatt om farmasiutdanninga i Bergen. Denne vil ta utgangspunkt i ei spørjeundersøking som sendast ut til alle tidlegare studentar på førehand av arrangementet.

Kveldsprogrammet vil omfatte middag og sosialt samvere.

Opplysningar om påmelding, betaling og endeleg program vil bli lagt ut på alumniportalen og på Facebook-sida for arrangementet.

Alle uteksaminerte farmasøytar frå UiB oppmodast om å melde seg inn i alumnigruppa til Senter for farmasi.