Hjem

Senter for ernæring

Hormonlaboratoriets forskningsgruppe

Feilernæring og fedme er eit økande problem. Gruppa forskar på molekylære mekanismar som ligg til grunn for utvikling av fedme og følgjesjukdommar som type 2 diabetes. Vi tek utgangspunkt i prøvar frå pasientar som får behandling for fedme enten i form av fedmekirurgi eller endra kosthald.

Prosjekta inkluderer:

Fedmekirurgi/pasientmateriale frå personar med sykelig overvekt

  • Effekt av ulike typar fedmekirugri på glukosemetabolisme, kardiovaskulær risiko, biokjemiske markører og fenotypiske variablar på kort (6 dagar) og lang sikt (opptil 5 år)
  • Cellulær samansetning av feittvev med isolering og kvantitering av immunceller og andre cellefraksjonar

Molekylære/mekanistiske studiar av feittcellebiologi

  • Mekanistiske studiar i human primærcellekultur av kandidatgen som har endra uttryk i feittvev ved fedme og etter fedmekirurgi
  • Molekylære studiar av in vitro differensiering og bruning av stamceller frå feittvev

Kosthaldsintervensjon

  • FATFUNC-studien - ein randomisert kontrollert studie av kosthald med mykje eller lite karbohydrat hos friske menn med magefedme
  • CARBFUNC-studien - ein randomisert kontrollert studie av kosthald med ulik kvalitet eller mengde karbohydrat hos friske menn og kvinner med fedme
  • OMEGA-studien - ein intervensjonsstudie med tilskot av omega-3 og omega-6 hos friske kvinner og menn med magefedme

 

Les meir på forskningsgruppens nettside.