Irene Baug

Stilling

Førsteamanuensis, arkeologi

Tilhørighet

Forskergrupper

Kort info

Eg forskar på yngre jernalder og mellomalder i Skandinavia, med særleg vekt på landskaps- og ressursutnytting, handel og økonomiske nettverk. Eit sentralt forskingsfelt er dessutan sosial og politisk organisering, inkludert overgangen frå heidendom til kristendom.

Forskning

Hovudfokuset i forskinga mi er storskala vareproduksjon retta mot fjernhandel og ulike transaksjonsformer. Gjennom studiar av steinbrot og steinprodukt som indikatorar på ressursutnytting, produksjon og distribusjon undersøker eg samspelet mellom maritime nettverk, økonomiske strukturar og maktforhold i eit langtidsperspektiv. Arbeidet er prega av metodeutvikling og omfattande tverrfagleg samarbeid, særleg innan geologi og arkeologi. 

Eit anna sentralt forskingsfelt er sosial og politisk organisering, særleg relatert til kristningsprosessen og kyrkja si etablering i overgangen frå vikingtid til mellomalder. Her undersøker eg relasjonane mellom sentralområde, kongemakta og etableringa av dei første kyrkjene.

Eg har sidan 2018 vore koordinator i Middelalderklyngen ved Universitetet i Bergen og ein del den faglege leiinga i klynga. Gjennom banebrytande tverrfagleg og tverrinstitusjonelt samarbeid arbeider Middelalderklyngen for å skape ny kunnskap i forskingsfronten og å synleggjere verdien av kulturarva frå mellomalderen. 

Formidling

Eg deltek jamleg på konferansar og seminar. Eg har også brei erfaring i populærvitskapleg formidling, m.a. gjennom digitale kanalar, som Universitetet i Bergen sin kunnskapsbase kringom.no, der eg er ansvarleg for det interaktive prosjektet Bergen Anno 1320. Eg har dessutan delteke i fleire podkastar, radio og TV-program, bl.a. NRK-serien «Det umulige landet».

Undervisning

Eg har undervist på ulike trinn innan bachelor- og mastergrad, PhD-kurs, og innafor eit breitt emnefelt i perioden jernalder-mellomalder i Norden og Nord-Europa. Eg har også god og interessant erfaring i tverrfagleg undervisning, og eg har vore involvert i etter- og vidareutdanning for museumstilsette.

 

Publikasjoner

Antologi

Deltakelse i radio eller TV

Doktorgradsavhandling

Forelesning

Forskningsrapport

Kapittel i fagbok

Kapittel i populærvitenskapelig bok

Konferanseforedrag

Konferanseposter

Masteroppgave

Medieintervju

Podkast

Populærvitenskapelig artikkel

Tidsskriftomtale

Utstillingsproduksjon

Vitenskapelig artikkel

Vitenskapelig bokkapittel

Vitenskapelig monografi

Se en fullstendig oversikt over publikasjoner i NVA.

Prosjekter

The Borgund Kaupang Project. Life and death of a small town in the periphery of Europe. Mitt bidrag i dette prosjektet er Borgunds rolle i nasjonale distribusjonsnettverk knytt til handel og bruk av bryner. Var Borgund eit senter i eit handelsnettverk for brynesteinar? Kva type bryner er representert på Borgund - og er det mogleg å sjå endringar over tid? Dette kan gi utfyllande informasjon om handelsruter og nettverk og endringar og stabilitet i dette i eit langtidsperspektiv. Brynesteinsmaterialet frå Borgund vil bli studert ved bruk av arkeologiske klassifiseringsmetodar og ulike geologiske analyser, som tynnslip og geokjemi. Dette er eit samarbeidsprosjekt med geolog Øystein J. Jansen ved Universitetsmuseet og NGU i Trondheim. https://app.cristin.no/projects/show.jsf?id=647273.

Eg deltek i prosjektet Eidsborg rock som omhandlar brynesteinsproduksjonen i Eidsborg, med fokus på regional produksjon og innanlandshandel i yngre jernalder. Prosjektet ligg under Kulturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo, og er finansiert av Norges forskningsråd, prosjektnr. 341213. 

Middelalderklyngen

Eg er koordinator for Middelalderklyngen som er ei av kunnskapsklyngene ved Universitetet i Bergen.

Middelalderklyngen bygger på universitetet sine sterke fagmiljø innan mellomalderstudiar, og arbeider for å vidareutvikle kontakt og samarbeid mellom forskingsmiljøa på universitetet og eksterne lokale og regionale aktørar i Bergen og vestlandsregionen. Klynga skal vere eit samlande organ for desse fagmiljøa, og ha fokus på forsking, utdanning, formidling og forvaltning.