Hjem
Det humanistiske fakultet
SPURVEUGLEPRISEN 2020

Populær sommarskule med digital suksess

Kvar sommar sidan 1964 har det kome utanlandske studentar til Bergen og UiB for å lære norsk. Atle Kristiansen har hatt ansvaret for sommarskulen i over 30 år og mottek Spurveugleprisen 2020.

ak
PRISVINNAR: Atle Kristiansen har undervist ved sommarkurset sidan 1981. Han har hatt det faglege og administrative ansvaret for kurset sidan 1988. Under Kristiansen si leiing har kurset tilpassa seg ulike økonomiske, politiske og mediale rammevilkår.
Foto/ill.:
Ingrid Endal

Sidan 1964 har over 2000 utanlandske studentar brukt sommarferien sin i Bergen, for å lære om norsk språk, litteratur, kultur og samfunnsliv.

Sommarkurset vart først arrangert på førespurnad av UD, då 12 britiske studentar trengte å lære meir om Noreg. Det må ha vore vellukka, for året etter kom 18 utanlandske studentar til Bergen. Sidan den gongen har studentane kome kvar einaste sommar, frå både aust og vest, og talet har auka frå år til år.

– No har kurset langt fleire søkjarar enn plassar, og kriteria for å bli oppteken er strenge, fortel universitetslektor Atle Kristiansen. Han har undervist på sommarskulen sidan 1981, og vore fagleg og administrativt ansvarleg frå sommaren 88.

Kristiansen mottek årets Spurveuglepris, HFs pris for utdanningskvalitet, for innsatsen han har ytt gjennom mange år innafor eit viktig område for UiB, og for den ekstraordinære innsatsen ved omlegginga som måtte til for sommaren 2020.

Norskstuderande verda over

– Dei som kjem til Bergen om sommaren er studentar som har norsk som fag i heimlanda sine. All undervising foregår på norsk, så dei må vere vidarekomne – dei må kunne følgje forelesingar og lese bøker på norsk, fortel Kristiansen.

På det meste har dei vore 60 studentar, flest frå Europa, men også frå land lenger vekke, som USA, Canada, Japan, Russland og Kina. På eitt og same år kan studentar frå 25 ulike nasjonar ha vore samla.

– Studentane får opplæring i både språk- og litteraturdelen av norskfaget. På timeplanen står både litterære klassikarar og samtidsdramatikk. I tillegg får dei undervisning i norsk kultur og historie, men også i tema som klima og miljø, fortel han.

Undervisninga foregår i grupper etter nivå, og i tillegg rommar kurset ein del fellesførelesingar og sosiale aktivitetar. Dei går turar i byfjella, lagar mat saman og dreg på ekskursjonar.

Aktivitetar som pedagogisk metode

Kristiansen legg stor vekt på at studentane skal lære gjennom aktivitetar, det kan vere gjennom dramatisering, produksjon av radioteater, eller skriving av blogg. Dei må alltid førebu seg til timane, dei ser gjerne eit innslag på TV eller les ei novelle som dei deretter diskuterer i grupper eller held innlegg om.

– Det at vi gjer ting saman bidreg til at undervisninga blir betre. Vi riv ned spenningar og barrierar, og studentane blir tryggare på kvarandre. Vi oppmodar dei også til å snakke norsk saman på fritida, sjølv om dei kjem frå same land. Utviklinga vi ser i løpet av sommaren er formidabel, på slutten går praten på flytande norsk.

Etter fire innhaldsrike og intense veker tek dei eksamen før dei returnerer til heimlanda og vidare studiar.

Gode ambassadørar

Nokre av studentane kjem tilbake som utvekslingsstudentar, og for mange vert norsken eit levebrød. Nokre vert norsklærarar i skulen, dei får jobb i akademia eller i eksportnæringar, andre igjen omset bøker frå norsk til eige språk.

– For eit par veker sidan fekk eg epost frå ein student som tok sommarkurset for mange år sidan. No skreiv ho til meg for å fortelje at ho sat i Bergen og arbeidde med ei omsetjing av Knausgård. Slikt er kjekt å høyre, smiler han.

Hyggelege postkort dumpar stadig ned i posthylla på instituttet, og Kristiansen har blitt invitert i fleire bryllup. Søt musikk har oppstått på meir en eitt sommarkurs. Han kan fortelje om evige venskap og gode minne frå ein sommar i Bergen. Nokre seier at det har vore den beste månaden i livet deira, andre at dei har lært meir på ein månad enn dei har gjort over fleire år på universitetet i heimlandet.

– Tilbakemeldingane frå lærarane deira er også gode. Mange i nordistikkmiljøa ved universitet i utlandet forbind UiB med nettopp dette kurset, seier Kristiansen.

Digital skule er bra – fysisk er best

Ein sommarskule som vanlegvis har eit pedagogisk opplegg basert på fysisk samhandling og aktivitetar, måtte sommaren 2020 ta i bruk digitale plattformar. Etter ein god del justeringar og omleggingar av det ordinære kurset blei det organisert undervisning til studentar i fleire verdsdelar og med ein tidsforskjell på ni timar. 

– Vi har berre fått gode tilbakemeldingar på opplegget, og vurderer å tilby fleire digitale kurs framover, i første omgang kan det vere aktuelt med eit oppfølgingskurs om hausten for dei som tek kurset neste sommar.

Sånn eigentleg kan Kristiansen gå av som pensjonist dette året. Men det var ikkje slik han ynskte å avslutte arbeidslivet, med eit digitalt sommarkurs. Sjølv om det var stor suksess og tilbakemeldingane har vore gode, er det ingenting som kan slå fysiske møte mellom folk, meiner han. Kanskje tek han eit år til.