Hjem

Det humanistiske fakultet

Spurveugleprisen

Spurveugleprisen er Det humanistiske fakultet sin pris for utdanningskvalitet.

Spurveugleprisen 2018
PRISVINNAR: I 2018 gjekk Spurveugleprisen til fagmiljøet bak emnet "Forskingsfordjuping etter mastergrad", her ved Michael Stausberg og Christhard Hoffmann. Prisen vart delt ut av dekan Jørgen Magnus Sejersted (til venstre).
Foto:
Ingrid Endal, UiB

Spurveugleprisen er HF sin pris for utdanningskvalitet. Prisen er på kr. 25.000,- og vert delt ut av fakultetet sitt studiestyre til einskildpersonar, prosjekt, grupper eller fagmiljø som kan dokumentere særleg vellykka tiltak som fremjar utdanningskvalitet.

Studiestyret vil særleg leggje vekt på følgjande:

  • Tiltaket må styrkje både fagleg og pedagogisk kvalitet i utdanningstilbodet
  • Tiltaket må ha overføringsverdi til andre studietilbod
  • Under elles like vilkår vil tiltak som viser til samarbeid mellom fleire fagmiljø og mellom studentar, fagpersonale og andre aktørar bli prioritert

Tilsette og studentar kan fremje forslag til kandidatar, saman med ei grunngjeving. Det skal oppnemnast kontaktperson for forslagstillarane.

Prisen skal brukast til tiltak som kan bidra til å styrkje utdanningskvaliteten i samsvar med prisvinnaren sine ønskje. Prisvinnaren skal gje ein kort rapport til dekanen om bruk av prismidlane.

Vinnaren blir nominert til Ugleprisen, UiB sin pris for utdanningskvalitet. Studiestyret står fritt til også å nominere fleire tiltak.

Prisvinnarar

2018: Emnet «Forskningsfordjuping etter mastergrad»
2017: Emnet «Russisk kultur, tekst og tale»
2016: Emnet «Praksis i arbeidslivet»
2015: Akademisk skrivesenter
2014: Emnet «Praktisk informasjonsarbeid»
2013: Forskningsetisk utvalg
2012: Prisme-studiet
2011: Knut Ågotnes