Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
spurveugleprisen

Spurveugleprisen

Spurveugleprisen er Det humanistiske fakultet sin pris for utdanningskvalitet.

Spurveugelprisen 2021 til Julia King.
PRISVINNAR: I 2021 gjekk Spurveugleprisen til Julia King for arbeidet med emnet "The Once and Future Book", et emne om bokhistorie på masternivå.
Photo:
Ingrid Endal

Main content

Spurveugleprisen er HF sin pris for utdanningskvalitet. Prisen er på kr. 25.000,- og vert delt ut av fakultetet sitt studiestyre til einskildpersonar, prosjekt, grupper eller fagmiljø som kan dokumentere særleg vellykka tiltak som fremjar utdanningskvalitet.

Studiestyret vil særleg leggje vekt på følgjande:

  • Tiltaket må styrkje både fagleg og pedagogisk kvalitet i utdanningstilbodet
  • Tiltaket må ha overføringsverdi til andre studietilbod
  • Under elles like vilkår vil tiltak som viser til samarbeid mellom fleire fagmiljø og mellom studentar, fagpersonale og andre aktørar bli prioritert

Tilsette og studentar kan fremje forslag til kandidatar, saman med ei grunngjeving. Det skal oppnemnast kontaktperson for forslagstillarane.

Prisen skal brukast til tiltak som kan bidra til å styrkje utdanningskvaliteten i samsvar med prisvinnaren sine ønskje. Prisvinnaren skal gje ein kort rapport til dekanen om bruk av prismidlane.

Vinnaren blir nominert til Ugleprisen, UiB sin pris for utdanningskvalitet. Studiestyret står fritt til også å nominere fleire tiltak.

Prisvinnarar

2021: Julia King
2020: Atle Kristiansen
2019: Christine Hamm
2018: Emnet «Forskningsfordjuping etter mastergrad»
2017: Emnet «Russisk kultur, tekst og tale»
2016: Emnet «Praksis i arbeidslivet»
2015: Akademisk skrivesenter
2014: Emnet «Praktisk informasjonsarbeid»
2013: Forskningsetisk utvalg
2012: Prisme-studiet
2011: Knut Ågotnes

vinnarar av prisen