Bokbad med forfattar Marit Eikemo
Tysdag 19. august kan du møte forfattar Marit Eikemo. Hennar bok «Vi er brødrene Eikemo» er vald ut til Det humanistiske fakultet sin Humanistar les-kampanje, og blir delt ut gratis til alle nye HF-studentar.

Hovedinnhold
Marit Eikemo er årets Humanistar les-forfattar. Kom og høyr henne snakke om si eiga bok Vi er brødrene Eikemo på studentpuben Ad fontes! Kanskje les ho ein stubb frå boka også.
Boka til Eikemo handlar om hennar eigen familie – om far hennar og dei ville brørne hans, og deira liv i Odda. Dei voks opp i eit hus på fire etasjar, som seinare vart Marit Eikemo sin barndomsheim. Boka er ei humoristisk kjærleikshistorie om huset, familien og plassen Odda, og alt som har forsvunne på vegen til det moderne samfunnet vi kjenner i dag.
Kvar tysdag frå 27. august–17. september er det også lesekafé på Ad fontes, der du kan lese Eikemo si bok saman med andre. Klokka 13 kvar tysdag er det kaffe og bollar!
