Hjem

Det humanistiske fakultet

Formidlingsprisen

Gjennom formidlingsprisen ønskjer fakultetet å heidre og synleggjere gode formidlarar i fagmiljøa.

Fra prisutdelingen ved HF 2018
PRISVINNAR: Vinnarane av Formidlingsprisen 2018 var ReligionsOraklene. Prisen vart utdelt av dekan Jørgen Magnus Sejersted.
Foto:
Ingrid Endal, UiB

Prisen skal gå til ein eller fleire personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for å formidle resultat av forskings- og utviklingsarbeid av høg kvalitet og kva tyding dette har for samfunnet.

Alle former for formidling vil kunne verte vurdert, som til dømes debatt- og konferanseinnlegg, kronikkar, bøker, foredrag, samtalar, utstillingar, radio- og tv-program, konsertar, film, cd, heimesider og bruk av sosiale medium.

Vurderingskriterium

  • Kvalitet på formidlinga
  • Allsidig bruk av kommunikasjonskanalar og uttrykksformer
  • Kreativitet
  • Formidlingspotensial ovanfor ulike målgrupper
  • Respons frå brukarar

Tilsette og studentar kan fremje forslag til kandidatar og saman med forslaget skal det gjevast dokumentasjon av formidlinga med tilvising til skriftleg materiale, opptak av lyd eller bilete og nettsider. Det skal oppnemnast kontaktperson for forslagsstillarane.

Prisen skal brukast til tiltak som kan bidra til å styrke profilering og formidlingsverksemda i samsvar med prisvinnaren sine ønske. Prisvinnaren skal gje ein kort rapport til dekanen om bruk av prismidlane.

Prisen er på 25.000,- og vert tildelt av fakultetsstyret.

Prisvinnarar

2018: ReligionsOraklene
2017: Ivar Utne
2016: Kjersti Fløttum
2015: Espen Gamlund
2014: Knut S. Vikør
2013: Gunnstein Akselberg
2012: Dag Øistein Endsjø
2011: Bente Gullveig Alver