Hjem
Det humanistiske fakultet
Formidlingsprisen 2013

Folkeopplysaren

– Språk handlar om identitet, seier Gunnstein Akselberg, mottakar av Det humanistiske fakultet sin formidlingspris for 2013.

Bilde av Gunnstein Akselberg utanfor Studentsenteret
ENGASJERT: Dei fem professorane bak nominasjonen av Akselberg framhevar den gode og engasjerte formidlaren, som appelerer til tilhøyrarane. Det er tydeleg at Akselberg likar formidlarrolla og at begeistringa hans smittar over på andre, meiner dei.
Foto/ill.:
Ingrid Endal

Hovedinnhold


Det kan vere noko av forklaringa på at språkspalta «Snakk med oss», etter 500 progam, er stadig like populær.

Kvar torsdag på NRK Hordaland kan ein høyre språkprofessor Akselberg fortelje om ord og uttrykk og svare på spørsmål frå lyttarane.

– Folk er interesserte i språk. Det har med identiteten vår å gjere – språket er eit av våre viktigaste karakteristika. Det handlar om lokale tilhøve, om stadnamn, personnamn, dialekt og sosiolekt. Om kommunikasjon mellom oss menneske, om måten ting blir kommunisert på og innhaldet i det som blir kommunisert. Språk er ein del av oss sjølve, seier han.

Dei som kontaktar språkspalta er ofte opptekne av korrekt språkbruk. Dei ønskjer å vite kva som er den presise tydinga av orda, kva som er korrekt uttale og skrivemåte. Kva tyder eigentleg ordet «balstyrig» og kva kjem det av? Kva er opphavet til utrykket «brask og bram»? «Luddig» – er det bergensk eller lånt frå tysk? Professoren svarar og fortel.

Visste du at lapskaus kjem frå engelsk og tyder «klumpete rett»? At Rakkerhaugen er ein anna namn på Sydneshaugen, til minne om retterstaden i tidlegare tider?

Aktiv på mange plan

Gunnstein Akselberg vert rosa for å vere ein god formidlar. Han formidlar ting på ein enkel måte og er ein god folkeopplysar som får kontakt med gamal og ung. Eit par gongar i månaden er han ute og kåserer, på senioruniversitetet, i historielag, bondelag, mållag, kulturkveldar og på faglege møte.

– Eg meiner det er viktig å nå ut med forsking til eit breitt publikum. Formidling er ei av oppgåvene vi har som forskarar ved universitetet, ved sida av forsking og undervisning, seier han. 

– Vi må nå ut med den kunnskapen vi har. I tillegg til å skrive kronikkar, bøker og vitskaplege artiklar, må vi delta i den offentlege debatten. Det er ei forplikting. Og så er det kjekt.

– Det er kjekt å forske. Og veldig kjekt å undervise. Og kjekt å skrive bøker... Eg likar å gå inn i ein heilskap, seier Akselberg.

Det har kome ut to bøker med utgangspunkt i «Snakk med oss». Den eine handla om ord og uttrykk og den andre om stadnamn.

– Ideen og konseptet er det same i programmet og i bøkene, fortel han, og det er å nå ut til eit breitt publikum med kunnskap om språklege tema, utan at det blir eit for sterkt akademisk preg. Forma er ei litt anna, då ein i bøker kan ein boltre seg meir og legge til ekstra kjøt og blod. Ein kan trekke fram detaljar og gå meir vitskapeleg til verks.

– Det er betre å seie noko enn å få sagt alt

Det kan vere vanskeleg for akademikarar å gjere stoffet allmenn tilgjengeleg og å forenkle og forkorte, vedgår han. Det er alltid mange atterhald å ta og det er så mykje ein vil ha sagt. Ein blir redd for at viktige ting skal gå tapt.

– Men det er betre å seie noko enn å få sagt alt. Det viktigaste er å stille opp og å nå ut til publikum. Forsking skal ut, og det er viktigare enn å vere utfyllande, meiner han bestemt.

– Det er klart det kan vere ei utfordring. Det er lettare å snakke og skrive komplisert enn å snakke og skrive enkelt.

– Ein god formidlar må kunne gje enkle, korte og tydelege svar, og kunne trekke ut essensen på ein god måte. Det handlar òg om måten ein brukar språket, om diksjon, tempo og val av ord og uttrykk. Ein må kunne forenkle og trekke linjer og samstundes ha det faglege vitskapeleg forankra.

Radioen, eit trua medium?

– Det ligg mykje arbeid bak eit radioprogram. Det som framstår som enkelt, krev ofte mykje arbeid og førebuing, seier Akselberg, som ser fram til å halde det gåande.

Samarbeidet med NRK er positivt, og dei unge programleiarane er lette å samarbeide med og kommuniserer godt. Ikkje er han redd for at dei digitale media skal utkonkurrere radioen, heller. 

– Det er vanskeleg å spå i framtida, men eg trur at radiokonseptet vil halde seg. Det å lytte vil halde seg. Det er så mykje biletrelatert kommunikasjon no, men det gjer at folk låser seg for mykje. Ein er meir fri om ein lyttar, når ein ikkje er avhengig av bilete, då kan ein kan halde på med andre ting samstundes.

– Eg trur også at vi har behov for lange sekvensar, der ein kan fordjupe seg i eit tema, eller gå nærare inn på personar. Vi treng noko som er reflekterande og kontemplativt, og der er radioen er ein viktig arena, meiner han.

Språkkafé på Litteraturhuset

Gunnstein Akselberg sit i styret for Litteraturhuset i Bergen og har vore svært engasjert i arbeidet med å stable det på beina. Opninga i februar fekk ein pangstart og reaksjonane blant publikum har vore gode. Huset er godt besøkt, med mange og ulike arrangement.

– Huset har vorte ein møteplass, det er folk der heile dagen, fortel han nøgd. Det er ei god breidde i tilbodet og vi når ut til mange ulike grupper. Her skjer det formidling av fagleg høg kvalitet, og er eit diskusjonsforum for ulike tema.

– Einkvan fekk ideen om at vi skulle forsøke å lage eit arrangement tilsvarande «Snakk med oss», men med publikum i salen. Vi trengte ein programleiar, vi spurte Linda Eide, og ho sa ja.

– Eg var spent på korleis det skulle gå, korleis vi skulle fungere saman. Vi hadde fleire treningsøkter heime hjå Linda, og fann ut at det kom til å gå fint.

Dei to vossingane trakk så mykje folk at dei måtte skifte til eit større lokale, og likevel var det ikkje alle som kom inn.

– Eine gongen var det 1. og 17. mai som var tema. Vi tok opp tekstar som «Internasjonalen» og «Ja, vi elsker». Vi spelte musikk og snakka om tekstane, diskuterte ord og uttrykk som folk synes er uklare. Det var god stemning i salen, og vi synest det var vellykka. Det blir nok fleire slike arrangement framover.

Ikkje berre språk

Ein skulle tru at Akselberg ikkje har tid til å engasjere seg i andre ting enn språk, men han er glad i musikk og går ofte på konsertar. Klassikarane frå 60-talet heng høgast, men han er stort sett altetande og lyttar til klassisk, pop og jazz.

– Av nyare musikk er eg svært begeistra for PJ Harvey. Den siste plata hennar «Let England Shake» er musikalsk interessant. Ho kombinerer impulsar og blandar sjangrar som pop, rock, hip hop og etno på ein fabelaktig måte. 

– Eg høyrde nyleg Burt Bacharach på Ole Bull Scene. Han er ingen favoritt, men ei levande legende innan populærmusikken. Her var han i Bergen, då måtte eg berre gå og høyre han, tenkte eg og fekk plass på tredje rad. Han er heile 85 år og spelte og snakka, var aktiv på scena og kommuniserte med publikum.

Det er imponerande, synes Gunnstein Akselberg.