Godkjenning av tidlegare utdanning
Du kan søke om å få bruke anna utdanning som del av bachelor- eller mastergraden din ved Det humanistiske fakultet. Dette gjeld både norsk og utanlandsk utdanning.

Hovedinnhold
Godkjenning av ekstern utdanning
Dersom du skal reise på delstudium i utlandet gjennom ein UiB-avtale, finst det eigne godkjenningsprosedyrar.
Om du har utdanning frå ein annan norsk utdanningsinstitusjon som du vil søke om å få bruke i graden din ved UiB, vil vi normalt kunne hente inn resultata frå andre norske lærestader. Du treng då ikkje å ettersende/vise fram original dokumentasjon.
Du kan sjekke om resultata dine er tilgjengelege i vitnemålsportalen. Dersom du finn resultata dine der, vil vi også ha tilgang til dei i vårt system.
Ved utanlandsk utdanning må du normalt vise fram original dokumentasjon. Det er viktig å kunne dokumentere heile utdanninga med karakterutskrift og/eller vitnemål som viser omfang, nivå og innhald av utdanninga. Ta med originaldokumentasjonen til Infosenteret ved HF for skanning/kopiering.
Du finn søknadsskjema til høgre på denne sida.
Innpassing av examen philosophicum eller examen facultatum
Dersom du har fullført examen philosophicum (ex.phil.) og /eller examen facultatum (ex.fac.) ved eit anna fakultet ved Universitetet i Bergen, vil dette vere godkjent også dersom du byter til eit studieprogram ved Det humanistiske fakultet.
Dersom du skal søke om innpassing av ex.phil. og/eller ex.fac. vel «Innføringsemner» i søknadsskjemaet som du finn til høgre.
Dersom du har fullført ein bachelorgrad ved ein annan norsk eller utanlandsk utdanningsinstitusjon, som ikkje har krav om ex.phil. eller ex.fac., vil du få formelt fritak frå ex.phil. eller ex.fac. ved Det humanistiske fakultet. Du nyttar same søknadsskjema som nemnt ovanfor.
For informasjon om reglar i høve innpassing av ex.phil./ex.fac., sjå Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen.