Hjem

Det humanistiske fakultet

Dr.philos.

Det er mogleg å levere avhandling til vurdering for dr.philos.-graden ved Det humanistiske fakultet.

briller og tekst
Foto:
Magnus Halsnes

Dr.philos. (doctor philosophiae) er ei fri grad som er likestilt med ph.d.-graden, men den er ikkje omfatta av ordningane for organisert forskarutdanning, som til dømes rettleiing og opplæringsdel.

Det eksisterer ei eiga dr.philos.-forskrift som gjer greie for vilkåra for denne graden.

Ein kandidat for dr.philos.-graden søker fakultetet om å få levere avhandlinga si til vurdering. Søknaden skal sendast via instituttet som forvaltar det aktuelle fagområdet, og det er ønskjeleg at kandidaten tek kontakt med sitt institutt før søknaden blir sendt inn. Instituttet vurderer då om avhandlinga er å rekne som eit vitskapleg arbeid, og om den fell innanfor instituttet sine fagområde. Dersom desse kriteria er oppfylte vil søknaden bli formidla til fakultetet for endeleg vurdering. 

Dersom søkaren er usikker på kva som vil vere rett institutt kan vedkomande ta kontakt med fakultetet for hjelp til avklaring.

Ein gyldig søknad består av søknad på godkjent skjema og påkrevde vedlegg.

Dersom avhandlinga ikkje er skriven på norsk, svensk, dansk, engelsk, fransk eller tysk, må det søkast til fakulteet om særleg løyve.

Dr.philos.-graden blir gitt på grunnlag av godkjent avhandling, 2 prøveforelesingar (sjølvalgt og oppgitt emne), samt tilfredsstillande forsvar i offentleg disputas.

En avhanling som er skrevet innenfor remmene av den organiserte forskerutdanningen kan ikke leveres inn til vurdering for dr.philos.-graden.