Hjem
Det humanistiske fakultet
italia

Det norske institutt i Roma

UiB-studentar kan ta emne på bachelor- og masternivå ved instituttet.

Gate i Roma
Gatebilde i Roma.
Foto/ill.:
Colourbox

Studiar av antikken og tydinga den har hatt for vestleg kultur, religion, språk, litteratur og samfunnsforhold heilt fram til i dag, samlar forskarar og studentar frå ulike fag. Instituttet tilbyr emne innan kunsthistorie, antikke studiar og italiensk, kontakt studierettleiar på programmet for informasjon om korleis dette kan passast inn i studieløpet ditt.

Instituttet ligg på Gianicolo-høgda sentralt i Roma nær monument og kjelder, og har gode arbeidsplassar og undervisnings- og seminarrom som til saman bidreg til å motivere til studiar og forsking.

Kvart semester blir det gitt fleire kurs for studentar, samt eitt etterutdanningskurs for lærarar. Det er også mogleg å bruke instituttet sine lokale til faglege konferansar og møte.

Les meir på instituttet sine nettsider.