Hjem
HMS-portalen

Avfallshandtering ved UiB

UiBs einingar, tilsette og studentar skal produsere så lite avfall som mogleg og avfall som vert produsert skal avhendast på ein sikker og forsvarleg måte.

Hovedinnhold

Tenk avfallshandtering allereie ved innkjøp!
All avfallshandtering startar med innkjøp. Allereie ved innkjøp skal det undersøkjast om eventuelle restar, produkt og/eller utstyr frå bruk kan avhendast eller gjenvinnast på ein sikker og forsvarleg måte. Dette gjeld for alt avfall, men er særs viktig for problemavfall, farleg avfall, avfall frå ioniserande strålekjelder, samt sambindingar som er eller kan verta eksplosive.

Substitusjonsplikta
Ved bruk av farlege kjemikaliar eller ioniserande strålekjelder skal erstatningsplikta (substitusjonsplikta) vurderast.