Norsk fotohistorie
Dette er den første samla framstilling av fotografiets historie i Noreg, frå daguerreotypiet på 1840-talet til dagens digitale teknologi
Hovedinnhold
Sigrid Lien og Peter Larsen - ISBN: 9788252162912 - Det Norske Samlaget 2007
Peter Larsen er professor i medievitenskap ved Institutt for informasjons-
og medievitenskap, Universitetet i Bergen.
Sigrid Lien er professor i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.
Boka følgjer utviklinga både når det gjeld teknikk og ulike sjangrar: frå portrett-, landskaps- og dokumentarisk fotografi på 1800-talet til reportasjefotografi, familiefotografi og kunstfotografi på 1900-talet. Forfattarane skildrar korleis fotografiet i løpet av denne perioden har fått ein stadig større plass både i det offentlege og det private rommet. I framstillinga blir fotografiet diskutert ut frå eit dobbelt perspektiv – ikkje berre som estetisk objekt, men også ut frå dei sosiale funksjonane det har hatt opp igjennom tidene.
Boka er gjennomillustrert i fargar og vender seg til kunsthistoriestudentar og det fotointeresserte publikum.
Fra daguerreotypiet til digitale bilder