Hjem
Matematisk institutt

For deg som kjem frå vidaregåande skole.

Hovedinnhold

Informasjon om korleis du søkjer opptak til Universitetet i Bergen finn du her. Dagens krav for å bli tatt opp som student er generell studiekompetanse og spesielt opptakskrav med kravkode REALR2, som vil si: matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg ein av  modulane fysikk (1+2), kjemi (1+2), biologi (1+2), informasjonsteknologi (1+2), geofag (1+2) eller teknologi og forskningslære (1+2). Vi gjer merksam på at kursa som inngår i Matematisk institutt sitt bachelorprogram krev gode forkunnskapar frå R2, så vi tilrår at du har fått 4 eller betre i dette.

Som ny student vil du i ditt første haustsemester ha tre fag: MAT111 Grunnkurs i matematikk I, INF100 Innføring i programmering og eit tredje fag som avheng av kva for eit studieprogram du er teken opp på. For Bachelorprogram i matematikk og Bachelorprogram i anvendt matematikk er det MAT100 Innføring i matematikk som er det naturlege matematikkfaget å velje. For Bachelorprogram i Statistikk og data science og Integrert masterprogram i aktuarfag og dataanalyse er det STAT100 Introduksjon til Data science med R som er det naturlege tredjeeemnet. 

Sjå elles Studere ved UiB sin omtale av dei ulike studieprogramma for meir informasjon om dei ulike programma sine faglege krav. Normert skal du etter å ha studert i 3 år ha på plass krava for tildeling av ein bachelorgrad, og i tilfelle du ønskjer å gå vidare med ein mastergrad (normert til 2 år) må du då også ha fått på plass dei rette faglege føresetnadane for dette.