Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

Havrapport: Bruk havet for å redde klimaet

Verda treng klimakutt for å begrense den globale oppvarminga. Havet kan bidra med over 20 prosent av klimakutta, viser ein ny rapport. 

Høypanel
Rapporten The Ocean as a Solution for Climate Change: 5 Opportunities for Action vart lagt fram 23. september 2019.
Foto/ill.:
Oceanpanel.org

Hovedinnhold

165 ekspertar kjem med fem tips for korleis havet kan vera viktig for å nå klimamåla. Professor Finn Gunnar Nielsen er ein av ekspertane i panelet.

– Rapporten visar at havet kan hjelpe oss å nå over 20 prosent av dei klimakutta som skal til. Havet er ein kjempemuligheit, seier han. 

Rapporten er bestilt av 14 nasjonar, og statsminister Erna Solberg var inititativtakaren til Høgnivåpanelet for ei berekraftig havnæring. Solberg har leia panelet, saman med statsleiarar i 14 havnasjonar. 

Peter M. Haugan er ein av styrarane i panelet. Haugan er forskingssjef på Havforskingsinstituttet og professor ved Universitetet i Bergen. 

– Rapporten viser at havvind er den energiforma som har størst potensiale til å bidra til klimakutt, seier han i ei pressemelding. 

Rapporten vert lagt fram på FN sitt klimatoppmøte i New York. 

Energi frå havet

Fem punkt i rapporten peiker på korleis havet kan hjelpe oss å kutte i klimautslepp:

  • Sats på fornybar energi til havs: flytande havvind, solcellepaneler, tidevatn- og bølgjekraft. 
  • Gjer skips- og fiskerinæringa CO2-fri.
  • Invester i naturbaserte klimaløysingar: vern og bygg opp att økosystem i havet. Slik kan havet lagre CO2.
  • Sikre berekraftig sjømat for framtida.
  • Sats på karbonfangst og lagring av karbon i havbotnen.

I følge rapporten har havvind potensialet til å dekkje heile straumbehovet i verda i 2050. Om ein bytar ut dagens energiproduksjon med havvind kan ein fjerne 0,11 gigatonn CO2 per år inna 2030 og opp til 1,61 gigatonn per år i 2050.

Klimaet ventar ikkje

Nielsen leiar Bergen Offshore Wind Centre, og er rekna som ein av havvindpionerane i Noreg. Havvind har ein teknologisk fordel framfor til dømes bølgje-kraft, meiner han. 

– Teknologien er her alt, det vi må gjere no er å eskalere og utvikle den, seier han. 

No håpar han Noreg verkeleg vil satse på havvind. Tidlegare i september deltok han på statsministeren sitt toppmøte om havvind i Bergen. Havvind har også vore diskutert på konferansen Science Meets Industry BergenHavvindkonferansen i Oslo, og The Ocean i Bergen.

–  Eg håpar Noreg skiftar diskusjonen frå kor mykje kostnaden vert per kilowatt-time til kor mykje karbondioksid vi sparar. Om vi ikkje handlar no vert vi akterutsegla i kappløpet om å leia i havvindutviklinga. Klimaet ventar ikkje på kommersielle behov.