Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

Samla havvind-kompetansen

Vitenskapen møtte industrien på den årlege havvindkonferansen i Bergen i september. Hovudbodskapet var at det hastar med havvind.

Science meets industry, aulaen 2019
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

Science meets Industry er Universitetet i Bergen sin årlege havvindkonferanse. Den samlar politikarar, næringsfolk og forskarar, og målet er å skapa ein møtestad for aktørane. 

Den sentrale bodskapen frå innleggshaldarane i år var at det hastar med ei norsk satsing på havvind. 

Thina Saltvedt, makroøkonom og sjefanalytikar i Nordea, var ein av dei som la fram sine syn i Universitetsaulaen.

Thina Saltvedt

Thina Saltvedt, Nordea.

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

– Havvind er viktig, rett og slett avdi vi treng meir grøn energi i verda. Noreg har ein lang kyst å by på. Når vi skal skifta ut dei fossile energikjeldene vil havvind spele ei viktig rolle, saman med sol og andre fornybare ressursar, seier ho til uib.no.

Det siste året har debatten om vindkraft vore heftig i Noreg, særleg utbyggjing på land. Saltvedt meiner debatten har spora av.

– Vindkraft i seg sjølv vil vere ein grøn og viktig energi for verda framover. Plasserer me turbinane til havs slepp vi presset på landjorda, som jo mykje av debatten har dreia seg rundt. Og vindturbinar til havs gir rett og slett meir kraft, sidan dei kan byggjast større, seier Saltvedt. 

Arne Eik, Equinor

Arne Eik, Equinor.

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Arne Eik (bildet over) frå Equinor fortalde forsamlinga om korleis havvind skal verta billegare. 

– La oss byggja stort, sa han. 

Liv Lønnum

Statssekretær Liv Lønnum

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Statssekretær Liv Lønnum understreka at det var viktig med samarbeid mellom næring og akademia for å vita meir om havvind. Regjeringa støttar forskinga på alternativ energi og samarbeid mellom næring og akademia, fortalde ho. 

– Ikkje minst er det viktig å støtte og takke dei individa som har gjort mykje for havvindprosjektet. Då tenkjer eg spesielt på professor Finn Gunnar Nielsen, sa Lønnum.

Nielsen har vore ein pioner innan havvindprosjektet og i 2018 fekk han ærespris for arbeidet sitt.

Då statsminister Erna Solberg inviterte til toppmøte for vindkraft ved UiB var Nielsen ein av dei inviterte.

Jan Fredrik Stadaas, Equinor og Finn Gunnar Nielsen, UiB

Jan Fredrik Stadaas, Equinor og Finn Gunnar Nielsen, UiB.

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Eit av hovudmåle med konferansen er å skapa meir samarbeid mellom aktørane innan havvind. 

– Vi må koma oss opp av siloane me har vore i og skape meir samarbeid på tvers av greinene våre. Skal vi nå berekraftsmåla har vi berre ti år på oss og teknologien og kunnskapen må vere på plass om kort tid. Noreg kan ikkje lene seg tilbake og vente på at ting skjer - vi må ta eigarskap til dei grøne næringane, og vi har lite tid, avsluttar Thina Saltvedt.