Hjem
Det medisinske fakultet
Nyheter

Opna nytt forskingssenter

Måndag 11. desember var det offisiell opning av Senter for medisinsk visualisering på Haukeland, frå no av Mohn Medical Imaging and Visualization Centre.

Eivind Hansen og Dag Rune Olsen
Sjukehusdirektør Eivind Hansen og rektor Dag Rune Olsen og var til stades under opninga av det nye visualiseringssenteret.

Senteret vart etablert våren 2017, som eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, med støtte frå Bergens forskningsstiftelse. Senteret skal styrke kompetanse og forsking knytt til bildediagnostikk, og då spesielt dei allereie store utstyrsinvesteringane frå Bergen forskningsstiftelse og familien Mohn. Dette er blant anna høgfelts magnettomografi (MRI), klinisk og preklinisk positronemisjonstomografi (PET) og computer tomografi (CT). Dette skriver Helse Bergen på sine nettsider. 

– Pasientar vil i framtida få meir presis behandling grunna betre bildediagnostikk. Senteret gir ny kunnskap og ny innsikt. Her er det samarbeid på tvers av fag, og tette band til klinisk verksemd sa administrerande direktør for Helse Bergen, Eivind Hansen, i sin opningstale.

Realfag i fokus

Senteret legg vekt på å knyte til seg realfagleg kompetanse, og det overordna, langsiktige målet er å oppnå fagleg eksellense innanfor retningane imaging (fysikk, kjemi, radiologi, radiografi), visualisering (informatikk, matematikk) og klinisk forsking (inklusive in vivo basalforsking og preklinisk validering). Senteret ønskjer å forske  på nye metodar innan kvantitativ avbilding og interaktiv visualisering for å varsle endringar hos friske og sjuke menneske.

– Samspelet de har mellom forsking, utdanning og klinikk er viktig for å gi dei beste helsetenestene i framtida, understreka rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen, i si helsing under opninga.

Namneskifte

Namneskiftet til Mohn Imaging and Visualization Centre i forbindelse med opninga seier litt om kva donasjonar frå familien Mohn, via Bergens forskningsstiftelse, har betydd for senteret. Det understreka også Hansen.

– Vi er heldige som har ein stor og oppdatert maskinpark. Den har vi oppjustert kraftig frå 2004 og fram til no, og Bergen Forskningsstiftelse og Mohn-familien har lagt grunnlaget med alle sine bidrag. Det er vi svært takknemlege for, sa Eivind Hansen.